Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Merchants & Marauders
- This topic has 3 replies, 3 voices, and was last updated 4 years, 2 months ago by Rune Hanssen.
-
AuthorPosts
-
14/08/2020 at 23:24 #2868Rune HanssenKeymaster
Igjen er spelet gravd opp frå gløymde sandstrender for på ny gje det ein sjanse. Tidlegare spelingar har vore prega av mykje ventetid og fiklete reglar. Siste test med 3 spelarar viser at spelet stiller i same sjangeren som Xia, Outer Rim og Western Legends. Reglane var no enklare å fordøye, sjølv om mykje framleis er litt kludrete. På din tur har du tre actions, og den eine såkalla «port action» inneheld ei rekke med «port activities». Det er her spelet stoppar opp – spesielt om du startar turen din med «port action». Kunsten er å gjere dette utanom turen din, anten du gjer det sist eller først.
Dette fører til at det er prega av at du brukar mykje i din eiga lille verd av forretningar. Problem dukkar opp når nye spelarar som ikkje har kontroll på alt, prøver å lage planar.
Mykje tilfeldig skjer også, så det er viktig å berre gje gass og godta at du aldri får dei varene du treng, og at ein storm eller fem hindrar deg i å fullføre planane dine. Kampsystemet er ok når ein har knekt det. Tips! Følg protokollane og prøv å gjer spelet levande for alle.
15/08/2020 at 13:32 #2872Sten OleParticipantDette spelet er Xia i forkledning. Du har stor frihet til å gjere kva du vil. Handle, slå til mot handelsskip, føre krig, gjere quests eller følge rykter. Du ruster også opp skipet ditt med meir utstyr eller skaffer deg eit heilt nytt eit. Eller du kan dø og begynne omtrent på nytt.
Eg trur spelet kan oppleves langsommeleg om spelegruppa ikkje har god kontroll på port action. Om ein skal til port på turen er det lurt å ha prosessen klar før det er din tur, eventuelt gjere det når det egentlig ikkje er din tur. Alt det andre flyter greit. Det er som ein pauseknapp i spelinga og er ei utfordring som spelarane bør vere klar over.
For min del føltes spelet litt ensomt. Me var alle i eit slags race for å nå 10 glory points. Om ein spelar gjorde ein ting, hindra det ikkje dei andre å gjere akkurat det same med god suksess. Det var lite me kunne gjere for å hindre progresjonen til andre. Ein kan visstnok angripe spelaren med mest glory, men då er det nok ofte like sannsynleg at angriperen taper og mater vinnaren meir glory og ressursar.
Spelet gir deg frihet til å velge kva du vil gjere, men kapteinen du får utdelt vil ofte diktere kva som er lurt å fokusere på. Om kapteinen din ikkje forstår kva eit teleskop er, er du dømt til å spele passivt. Om sjømannskapet mangler, må du sky unna all aggresjon. Om du har lite influence, kan du gløyme rykter. Spelet gjer det også vanskeleg å vere “halv-pirat”. Du bør vere 100% lovlydig eller 100% pirat fordi skipa er så polarisert i sine sterke og svake sider.
For at spelet skal vere gøy er det ein idé å gi opp poengjaget og berre gjere ting fordi handlingane i seg sjølv er gøye. Å kjøre hjernedødt fram og tilbake med varer er ikkje gøy, men kan vere veldig lukrativt. Då er det betre å lage eigne historiar av handlingane på brettet. For eksempel historien om den grådige kapteinen som ikkje syntes ein galleon var god nok og satsa alt på å overta ein nederlandsk man-o-war. I tre intense kampturar blei han blåst i stykker av breiside eller breiside.
M&M er eit eksemplar i ein sjanger eg aldri kjem til å elske med heile mitt hjarte. Om det er Xia, Outer Rim eller Western Legends så har dei same grunndynamikk og har dei same problema. Handlingsfrihet, oppbygning, mulighet til å angripe kvarandre, død etterfulgt av stagnasjon. Spelet belønner medgang slik at den som får ein god start vil sannsynligvis fortsette å gjere det bra. Motgang får alt til å stoppe opp, og du får ikkje opplevd noko som helst, bare smerte.
Spelet er bra så lenge du får ein grei start og følger hjarta heller enn hjernen. Spel for å leike, ikkje for å vinne.
15/08/2020 at 19:17 #2873Jarle HaktorsonKeymasterEg les ut av dette at forslaget mitt i Messenger-gruppa ikkje vart følgt opp; alternativt poengsystem. Eg hadde skrive desse ut og trudde dei låg i boksen, men truleg ikkje då. Poenget med denne varianten er altså å hindre at alle berre køyrer fredeleg omkring og sel varer. Eg hugsar ikkje detaljane, men det var noko slik som at du kunne få 1-3 poeng på selje varer, 1-3 poeng på å vinne over motspelar, 1-3 poeng på raid etc. Poenget var altså at poenga dine var nøydd å kome ifrå fleire ulike ting, og det var eit kult skjema som haldt stats på dette. Me sa sist gong (sju år sidan eller så) at dette var varianten som måtte bli spelt, men forståeleg at den vart gløymd.
16/08/2020 at 01:46 #2874Rune HanssenKeymasterVarianten vart ikkje gløymt, men me fann den ikkje ?
Likevel varte ikkje spelet lenge. Med 3 spelarar gjekk det i underkant av to timar, og alle var flinke til å drive med «port activities» før og etter «turen» sin. Spelet kjendes betre ut no etter tusen år med speleerfaring.
Uansett er det viktig med D&R-innstilling før ein speler Merchants & Marauders.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.