On Mars

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 22 total)
  • Author
    Posts
  • #2568
    Rune Hanssen
    Keymaster

    OnMars

    Okay!

    4,5 timar regelsvelging. Brain equals liquid. Spel veldig interessant i typisk Lacerda-stil. Gledar meg til 4-player mayhem!

    Regel-purge og oppdatering kjem.

    #2569
    Sten Ole
    Participant

    Fantastisk spel for oss som elsker anti-mestringsfølelse!

    #2570
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Using a tech tile
    Dette gjer du når du bygger eit complex, når du beveger ein rover lenger eller oppgraderer fleire bygningar samtidig. Det som me ikkje fekk med oss var at du ikkje berre kan bruke eigne tech tiles, men også motstandarane sine. I såfall får mostandaren anten 1 oksygen eller får flytte tech tilen sin ein gong gratis (på slutten av runden din). Du skaffer deg altså ikkje monopol ved å samle tech tiles.

    LSS rewards
    Når du bygger ein bygning og sender markøren som teller antal bygningar på kartet opp, får du berre poengbelønningen og bonusen om markøren låg under kolonilevelen. Altså, det lønner seg å bygge dei bygningane det er minst av.

    Welcome a ship
    Du kan ikkje gjøre denne action fleire gonger enn kolonilevelen.

    Eg er endå meir usikker på kva som er lurt i dette spelet. No blir alt kjempe-cooperativt. Korleis du skal tyne poeng ut av turane dine er eit komplisert puslespel. Bør du vere opportunist? Bør du konsentrere deg om dine personlege goals? Bør du maksimere muligheten til executive actions? Bør du booste actions så ofte som mulig? Eg aner ikkje — Og det er herlig.

    #2572
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Dette oppklarar min skepsis rundt Tech! Heilt konge!

    #2574
    Thomas Thomsen
    Participant

    Eg er klar ?

    #2583
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Om2

    Ny gjennomspeling med tre spelarar og reglane godt på plass. Spelet er hardt arbeid runde etter runde. Kunsten er å dra nytte av «samarbeid» uten å legge til rette for å bli utnytta. Frustrerande å ligge eit halvt hakk bak blodigla, men positivt at det er få poeng mellom vinnar og sisteplass ved end of game.

    #2584
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar…

    Shelter
    Når du bygger ny shelter eller shelter-complex, får du krystall(ar).

    Andre gjennomspeling med rettare reglar endrer ikkje at dette spelet er fortsatt vanskelig å løyse strategisk. Kortsiktig gevinst er lett å finne, men det er vanskeleg å gjere ting som lønner seg på lengre sikt som ikkje også blir utnytta av andre. Kanskje hovedutfordringa i spelet er å ha ei handlingskjede der du unngår at ressursar må kastes eller at actions er unyttige. Og så må du berre lære å leve med robotane til Sturla knuser discoveries som roveren din skulle til å plukke opp. AAAAAARGH!

    #2597
    Thomas Thomsen
    Participant

    Utilgiveligt er første ordet som kjem frem.

    Første gjennomspilling er meget hektisk. Er endel nye mekanikker her eg ikkje har sett i andre spill. Å flytte mellom 2 plasser med actionselection boards er nytt. Her må en også ha tunga rett i munnen for hva en gjer sjøl og hvor og hva andre gjør. Hva blir ledigt, hva er initiativet ditt oh hvor er dei andre har alt å si for din neste runde.

    Tar da ikkje med min første runde ettersom vi spilte med alternative regler som ikkje hadde mye med grunnspillet å gjøre, verken taktisk eller mekanisk.

    Noen regler var tunge å huske og blei alltid glemt. Dette med å bygge nye ting på Mars var alltid en action som igjen å igjen blei gått tilbake på, det grunna manglende tech ein hadde oversett i planlegginga, eller fordi din bot er på feil plass, eller at det ikkje var lov der du tenkte pga reglene rundt maks 2 fra annen av samme type. Dette fører til endel AP samt lengre turns. Som igjen blir litt krøll å følge med på når noen har betalt, fått rewards osv for et bygg, så skal alt reverseres når ein annen påpeker feilen en gjorde. Da må ein spole tilbake å legge ny plan.
    Dette «problemet» vil minske over tid når reglene sitter og folk får mer erfaring med spillet.

    Bare prøvd det 1 gang med spillets regler og ikkje Rune sin alternative verden. Og vi gjorde en feil med å ikkje flytte game end triggern på et eller annet tidspunkt så blei en ugyldig runde. Men en kanon gjennomkjøring iforhold til reglene og slikt.

    Må si dette kom først på radaren for over et år siden og det såg konge ut. Glemte spillet til eg såg Rune hadde fått det. Og det skuffer ikkje, er utrolig mangen nye mekanikker her og det er utrolig gøy å spille. Og ser frem til nye runder for å se om en da kan stå oppreist uten mental utmattelse etter en kveld.

    Forslag til neste spilling, 1 person styrer poeng, 1 styrer objectivs, alle sier hva dei vil gjøre på brettet høyt før dei begynner sette ut/betale/få rewards slik at andre fort kan skyte inn om det er en ugyldig action. Trur dette vil spare tid, mental utmattelse og forvirring.

    Om det er 1 ting eg ikkje heilt likte ved spillet.4 byggtyper skal opp for å øke levelen på kolonien på mars. Alle gir poeng og en bonus om du øker noe til noværende kolonilevel. Kult det. Men når det mangler ein siste ting så kom et dilemma frem. Ein ønsker egentlig ikkje øke siste for det vil gi mer for dei etterpå en du får sjøl. Du må bygge manglende type bygg for dine bonus poeng. Den etter deg kan bygge hva som helst for samme bonus samt kan bygge flere ships for mer meeples. Så her synes eg at å bygge det bygget som faktisk øker level burde gitt en bonus. Slik at dette ikkje blir en mexicanstandoff greie.

    #2598
    Sten Ole
    Participant

    Eg syntes spelet løfta seg med Thomas med på lag. Reglane blei fastare nagla på plass og samtidig fekk han demonstrert kor dominerande det er å starte spelet med ein spiss åpning og lage ein tidleg synergimaskin. Han hadde også eit godt auge for god bruk av roveren. Det er også forfriskande å sjå nokon spele utan å ha tunnelsyn på kva ein skal få til sjølv, men også ha eit auge for korleis andre sine planar kan forsures underveis.

    Eg følte personleg ikkje at runden blei skada av å gjere ting på nytt eller at me ikkje oppdaga endgame-triggeren på rett tur. Eg tviler på at det favoriserte nokon. Det var kanskje eit lite tap for personen som gløymte å innkassere krystallbonusen.

    Det at det blir mexican standoff rundt bygging av siste bygningstype synes eg eigentlig er heilt greit. Den som har god grunn til å bygge den er personen som får mange poeng for LSS-bonusen, treng ressursen bygningen gir eller den som slepp tung krystallbeskatning når han bygger eller vil ha ut complex-kuben sin. Om du likevel vil “ta ansvar” for å gjere handlingen er jo det ditt valg. Men som du sjølv såg, så vil ein gjerne heller at nokon andre skal levle opp kolonien slik at du kan rovbygge på din tur etterpå.

    Eg ser meir i dette spelet for kvar gong eg speler. Det er ulike ting ein kan fokusere på. Måten ein velger å starte spelet er viktig. Det er forskjellige fordelar ein kan oppnå ved å gjere A, B eller C. Neste steg er å utnytte fordelen for å styrka spelet ditt vidare. Det er derfor viktig å ha ein plan når ein velger startposisjon på brettet.

    Samtidig er det visse ting eg trur alle spelarar har behov for å gjere relativt tidlig i spelet. Alle bør hyre inn minst ein scientist slik at ein alltid har ein brukbar executive action på lur sjølv om krystallane er borte. Advanced buildings er også så kraftige at ein bør ha eit par.

    Reglar, reglar, reglar…

    Blueprints-butikken
    Me gjorde rett i at butikken skulle oppdateres på kolonilevel 2 og 3. Symbolikken på 3 og 4 er å flytte den raudekuben. Symbolet over kuben er mission-kortet som er det som normalt flytter kuben.

    Research tiles (dei runde brikkene i hjørnene)
    Du kan ikkje ta begge tilane i ein farge.

    #2599
    Thomas Thomsen
    Participant

    Enig i at spillet bare blir bedre for hver gang. Er utrolig mye en kan gjør, og sykt mangen veier å gå. Skal bli en glede å utforske dei fremover.

    Vetkje hva eller hvem som fikk straff eller nytte av at vi missa end game tia men eg vil alltid la meg plages av feil eg er med å gjør ?

    Angående mexicanstandoff situasjonen. Selvsagt rett det du sier at du får Lss bonus og noen må ta ansvar. Her mitt taktiske dilemma kom frem for går du får siste der åpner du for ny lss bonus til alle etter deg og dei kan velge sin. Der det for meg kom frem. For eg måtte ta siste hver gang og såg hva det ga dere, og eg fekk dermed aldrig ta den som kunne gi meg flest poeng. Men det er som sagt et sykt gøy spel å utforske og mangen flere runder her før en har prøvd alt eller kommen nerme en bestem åte å gå mot imo.

    Vetkje enda om det er lurt å gå tidlig for scientist eller ikkje. Vi var alle veldig close no sist og Rune gikk ikkje for dei før veldig seint. Ei heller gikk han tidlig for advanced så igjen et sunt tegn for spillet.

    Bra oppklaring rundt butikken.
    Brikkene i hjørnene gjorde vi rett sist.

    #2600
    Thomas Thomsen
    Participant

    Glemte ein ting, dette spillet trur eg er eit spel ein kan ha det utrolig morro med i 2-3 timer selv om ein til slutt kommer langt bak på poeng.

    Det er kvalitet om det stemmer. Rett ut bare gøy å spille. Tøft første og andre gang å få ting igang samt ta rette valg iforhold til ferga. Men likevel morro

    #2607
    Sten Ole
    Participant

    On Mars er “enkelt”. Her er eit fiktivt eksempel på ein plan for ein runde…

    Action: Kjør rover
    – Bot A 1 steg
    – Bot B 2 steg
    – Betal 1 krystall
    – Knus 1 Exploration tile
    – Rover 5 steg
    – Bruk Rune sin tech tile for å flytte lenger enn vanleg
    – Plukk opp 2 krystallar
    – Plukk opp research tile
    Research tile
    – Develop Vatn-tech
    – Få 1 mineral for feltet det havner på
    – Develop Shelter-tech
    – Få gratis oppgrader-bygning for feltet det havner på
    – Bruk 1 mann for å få 1 ekstra oppgradering
    Oppgrader batteribygning
    – Betal 1 mineral
    – Ha bot i nærheten
    – Utløys missionbonus, få 1 krystall
    Oppgrader vassbygning
    – Betal 1 mineral
    – Ha bot i nærheten
    – Utløys missionbonus, få 1 krystall, flytt raud kube
    Executive Action: Bruk Tor Inge sin advanced bygning
    – Bruk bygningen gratis med å flytte hydrolog
    – Effekt: Bygg ny vassbygning
    Bygg vassbygning
    – Betal 1 batteri
    – Bruk 1 mann for å auke batteri-tech midlertidig
    – Ha bot i nærheten
    – Plasser vassbygning
    – Få 5 vatn
    – Plasser Complex kube for vatn
    – Auk vatnmarkøren
    – Utløyser personal goal med belønning: Ta earth contract
    – Displacer bot
    Displace bot
    – Flytt bot eit steg
    – Knus Research tile
    Auk vatnmarkøren
    – Flytt markør opp som gjer at kolonilevelen auker etter turen din
    – Få 6 poeng for høg tech tile
    – Ta LSS-belønning, 1 mineral
    Personal goal-belønning
    – Brenn eit personal goal kort istedenfor å betale krystall
    – Ta earth contract kort med leveringsoppdrag
    – Finn fram nytt earth contract-kort som ingen vil ha
    – Utløys missionbonus, få 2 krystallar, flytt raud kube
    Plasser ressursar på Earth contract
    – Betal 3 vatn og 2 mineral

    … Men først må Tor Inge og Rune ta sine turar…

    Tor Inge tar Earth contracten du ville ha og knuser research tilen du skulle ta. Rune bygger ein vassbygning og oppgraderer slik at du ikkje har ein fornuftig plass å oppgradere din eigen vassbygning. Dette fører til at du ikkje kan eller har lyst å gjere noko av originalplanen din. Forkast planen og lag ny plan frå scratch:

    Du tar Welcome a ship action. Ferdig. Sukk.

    #2608
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Dette er eit spel eg forstår enkelte i klubben likar godt. Eg er nok ikkje blant dei. Vital Lacerda har tidlegare laga t.d. Vinhos (som eg ikkje er så glad i eller har behov for å spele igjen), The Gallerist (som eg ikkje er så glad i eller har behov for å spele igjen) og CO2 (som eg ikkje er så glad i eller har behov for å spele igjen).

    Dette er jo sjølvsagt smak og behag, slik det er med film, musikk etc. Så eg er ikkje så fan av Lacerda, men forstår godt at andre er fan av han/spela hans.

    Skal likevel ikkje avskrive det heilt og er villig til å teste, men statistisk er det låg odds for at dette blir ein favoritt hos meg.

    #2609
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Om2

    Sist speling var gøy. Eg fekk gjort mykje fantastiske ting. Shelters, mines, rover-køyring, scientist-kjøp, contracts, litt ferjeflyging med rask retur… Skikkelig aktiv!

    Poengscore: laaaangt bakerst – BAKERST!?

    Gøy spel!

    #2624
    Sten Ole
    Participant

    Inntrykk 4 spelarar…

    Dette blei eit anna spel med 4 synes eg.

    A. Større avstand til bygningstypane, og ikkje minst til sentergruva.
    B. Fleire ting skjer mellom kvar av turane dine.
    C. Meir sannsynleg at kolonilevelen går opp FORT og spelet blir kortvarig.
    D. Ferja mellom land og luft går meir sjelden.
    E. Meir utbredt å lage enkle bygningar enn bygningskompleks.

    Kva er lurt å gjere er fortsatt eit ope spørsmål. Det er større risiko knytta til å ta blueprints fordi det er større sjanse for å bli blokka og krystallkostnaden kan bli høgare enn forventa. Med 4 må du spisse aktivitetane dine endå meir. Om du gaper høgare enn du klarer å svelge blir det katastrofalt når slutten kjem. Det fører også til at du låser strategien din slik at du ikkje har mulighet til å vere opportunistisk. Alt som har med bygningskompleks å gjere blir vanskelegare.

    Konklusjon:
    – Gøy
    – Frustrerande
    – Anti-mestring
    – Anger
    – Hat mot fortids-deg

Viewing 15 posts - 1 through 15 (of 22 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.