Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Pax Hispanica
- This topic has 3 replies, 3 voices, and was last updated 2 weeks, 4 days ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
03/04/2025 at 14:47 #4361
Sten Ole
ParticipantPhil Eklund presenterer sin utgave Maracaibo. Og han gjer alt han kan for å gjere spelet sitt vanskeleg å lære seg:
– Ingen regelhefte ute på nett
– 1 player aid som alle burde ha sin eigen utgave av
– Fleire reglar som burde vore visuelt tilgjengeleg for spelarane som heller potensielt ligg begravd i regelheftet
– Regelheftet er skrive på ein måte som gjer at det verken egner seg for å lære spelet og å referere til reglar.Spelet kjører ein slags Karibia-simulator med koloniar og folk. Og kvar runde speler me kort og kjører båtar for å gjere sjørøveraktige ting. Imens beveger me oss på eit filosofibrett som gjer at me kan oppnå ein “profession” som gjer det lettare å få nye kort og gir opphav til mulige måtar å vinne spelet på.
Eg føler spelet forklarer seg sjølv dårleg og gjer det vanskeleg å vite om me speler spelet rett eller ikkje. Eit kort søk på BGG indikerer at måten folk har funne ut reglane på er å sende brev til Phil. Eg fant ein film som kunne fungert bra som ein primer, men det er likevel mange essensielle reglar som ikkje er lett å finne fram til.
Kan spelet vere gøy til slutt når reglane ikkje er diffuse og symbolikken og reglane rundt symbolene er forstått nok til at dei ikkje treng å bli slått opp heile tida? Når alle spelarane ved bordet skjønner kva dei bør gjere for å finne framgang? Eg er ikkje heilt 100% sikker. Auksjonssystemet var ikkje så gøy. Filosofibrettet var ikkje gøy. Spele kort og bygge opp Karibien var ikkje så gøy. Seile rundt i Karibien var litt gøy. Måten sjøkamp blei starta var litt gøy. Kampen i seg sjølv var ikkje gøy. Progresjonen mot det som gjer at du vinner såg heller ikkje veldig inspirerande ut. Kanskje med litt betre intro hadde eg likt spelet betre, men foreløpig er inntrykket ganske dårleg. Det spørs om folk er villig til å gi det ein ny sjanse.
—
Litt regeletterforskning indikerer at slavane dør når dei produserer kister med gods. Dette er nok drivkraften i slavemarkedet. Ellers blir det ingen regel-purge grunna at det ligg for lite ute for å gjere gode tolkingar.
03/04/2025 at 16:40 #4362Rune Hanssen
KeymasterReglane er skrivne som om ein sat med ein pistol til tinningen og trykte på ein skrivemaskin frå 1962.
Eg har fått litt meir oversikt og skal lese frå start til slutt før eg får ei meining.
Living rulebook:
03/04/2025 at 17:26 #4364Jarle
ParticipantEg har hatt gleda av å treffe, snakke med og spele med Phil Eklund to gonger. Han er veldig jovial, og har i e-post invitert meg til å besøkje han i Stockholm, der han bur til vanleg. Det er jo artig, men: Han likar veldig godt å snakke om spela sine. Så om det regelspørsmål, send dei gjerne rett til phileklund@gmail.com, så får ein nok svar.
Eg har veldig lyst å prøve Pax Hispanica, for eg likar spela hans. Pax Porfiriana er framleis ein av mine favorittspel; først gav ingenting heilt meining, og så brått var det eit veldig enkelt spel. Pluss: Me må prøve Pax Pamir på ny; no gir det sikkert meining. Eg trur forresten fleire av hans spel er slik; ein må spele dei fleire gonger for å “forstå” dei. Litt som Hideo Kojima i dataspel.
09/04/2025 at 00:27 #4366Sten Ole
ParticipantEg er med på ny omgang Pax Hispanica for å sjå om betre kjennskap forbetrar inntrykket. Pax Pamir er eit spel som eg likte godt frå første stund. Pax Porfiriana er lenge siden me har spelt no. Eg syntes det var vanskeleg første gongen. Litt mindre vanskeleg andre gongen. Me burde kanskje få det på bordet igjen fordi no eg knapt hugsar noko frå spelet utenom at me bygde eit tableau og la kubar på kortene for å representere det eine eller det andre.
PS.
Bra jobba med å legge inn linken til reglane. Eg skal lese før neste gong me prøver oss. -
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.