Star Wars: Outer Rim

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • Author
    Posts
  • #1956
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Outer Rim

    OR2

    Du er ein kjeltring som opererer på kanten av imperiets kontrollerte univers. Legg planar, fullfør jobbar i form av transport og dusørjakt, medan du hyrer inn mannskap og kjøper modifikasjonar til skipet ditt, og bli den første til å nå 10 fame points for å vinne spelet.

    Outer Rim er ein raffinert versjon av Xia med god stemning. Greie reglar.

    • This topic was modified 5 years, 4 months ago by Rune Hanssen.
    #1960
    Sten Ole
    Participant

    Hyggelig romeventyr der du går fram og tilbake, utfører oppdrag, kjøper stash til deg sjølv og skipet ditt, skyter star wars-karakterane du liker minst.

    Liknar på Xia, men flaks og uflaks er litt meir styrbart. Litt.

    Mykje smak og god flavortekst.

    Kvalitet.

    Kanskje litt frustrerande dersom motoren i spelet ditt ikkje kjem i gang og du ser at andre trekker frå på fame-stigen.

    #1966
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar, reglar… (inspirert av feilspeling)

    Patrols
    Som me oppdaga etter feilspeling, så kan du alltid velge å angripe ein patrol. Einaste spesielle med å ha negativ reputation er at du MÅ angripe.

    Bartering
    Eg fant ut at når du kaster gear, mods eller cargo når du kjøper noko nytt, så får du avslag på kjøp av nytt kort (men du får aldri pengar tilbake). Det betyr at du i praksis kan kjøpe deg sakte opp i utstyr. Det same gjeld når du kjøper nye romskip.

    Defeated
    Noko me gløymde å gjere som ikkje hadde noko å sei var at når me blei “defeated” så skal me legge standee’en flat for å vise det og minne oss på at me bare kan lega oss sjølv på neste planning step. Ein anna konsekvens er at du ikkje får lov til å slåss mens du er defeated. Det betyr at du ikkje får lov til å beskytte mannskapet ditt om nokon har eit bountyoppdrag mot dei.

    Jobbar
    Ein til feil. Du skal alltid følgje instruksane på kortet. Det einaste som avbryter kortet er om du tar meir skade enn du tåler og blir defeated. I såfall BEHOLDER du jobben med mindre kortet seier noko anna.

    Patrolbevegelse
    Når ein patrol flytter seg og det er fleire måtar han kan nærme seg spelaren, velger speleren kva veg patrolen flyr. Dette treng ikkje vere kortaste vegen, men patrolen kan ikkje gå motsatt veg og må nå spelaren om det er mulig.

    #1967
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Nokre spel spelar eg og tenkjer “Jaja, greitt spel”. Andre spel får eg umiddelbart lyst til å skrive eit innlegg om. Andre igjen får eg lyst til å lese litt på reglar på, då det er ting som skurrar, men som har såpass potensiale at dette vil eg finne meir ut av og spele meir av.

    Det var det i Outer Rim, men Sten Ole var tidlegast ute med regellesinga. Punkta ovanfor løftar spelet mykje for min del; i alle fall slik eg spelte det.

    Eg er klar for ein ny runde eller to, og så Xia igjen om ei stund for å vurdere dei imot kvarandre. Spela er såpass like at det spørs om det er “plass” til begge kanskje..?

    #1969
    Sten Ole
    Participant

    Eg synes både Outer Rim og Xia står på eigne bein. Gangen i spela er veldig lik, men Xia gir meir rom for å skreddersy skipet ditt og har eit system som i større grad simulerer skade “betre”. Outer Rim føles som om det har meir fortelling sjølv om desse vil føles mindre varierte jo meir spelet blir spelt. Xia har meir varians og større tendens til å vilkårleg drepe deg. Å bli drept er også meir plagsomt i det spelet. Xia er også meir aggressivt mellom spelarane fordi dei har meir mulighet og insentiv for å angripe kvarandre.

    Noko som irriterer meg mest med både Xia og Outer Rim er at begge har fame (eller victory points) som win condition. Det gjør at begge spela føles litt som arbeid og mindre som ei oppdagelsesferd. Eg vil gjere ting fordi dei er fortellingsmessig interessante, ikkje fordi handling X gir 1 fame meir enn handling Y. Både Xia og Outer Rim tvinger meg til å velge.

    Min dom over spela er at Outer Rim er bedre fram til du har spelt begge spela 10+ gonger fordi då vil du kjenne igjen kortene og karakterane og kva dei fører til reint mekanisk. Xia er altså spelet som vil holde seg betre over tid… kanskje.

    #1971
    Sten Ole
    Participant

    Meir reglar…

    Contact encounter
    Når du har ein contact encounter på ein person som du har ein bounty-jobb mot, kan du lese databank-kortet før du bestemmer deg for å angripe eller å gjere encounteren normalt.

    Patrol
    Når du taper ein kamp mot ein patrol, flytter du patrolbrikken eit steg i ein eller annan retning.

Viewing 6 posts - 1 through 6 (of 6 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.