Terra Mystica

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3743
    Sten Ole
    Participant

    Då er Terra Mystica base game testa. Det er eit lett spel å kome inn i for dei som hugsar Gaia Project siden reglane er 90% like og der dei er forskjellige så er det relativt tydelig.

    Den umiddelbare forskjellen er at spelet skjer på eit klaustrofobisk kart der alle bygger tett i tett og einaste trykkavlastingsventilen er elva som let deg ekspandere lengre vekk. Trefigurane gir deg ein viss Uwe Rosenberg-følelse. Så har du cultist tracks istedenfor teknologi-tracks. Bruk av elva og terraforming-kostnad kan modifiseres undervegs på eigne tracks. Power-maskinen som sviver i spelet er meir stabil enn i Gaia, men i motsetning til Gaia så er det umulig å få powertokens tilbake inn i maskinen når du først har tatt dei ut. Å svi maskinen med å brenne tokens er derfor eit permanent valg.

    Alt i alt er dette omtrent samme spelet. Det gjenstår å sjå om ekspansjonane er gode eller om dei stort sett berre er eskefyll. Spelet er ein evig klassiker som har som einaste svakhet følelsen av at du har spelt spelet før. Eg likar Gaia litt betre siden eg er glad i generisk scifi og plastikk.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.