U-BOOT

Viewing 8 posts - 1 through 8 (of 8 total)
  • Author
    Posts
  • #1935
    Rune Hanssen
    Keymaster

    U-BOOT

    Okay! Første test var «overwhelming».
    Time to study rules…

    • This topic was modified 5 years, 6 months ago by Rune Hanssen.
    #1937
    Sten Ole
    Participant

    Reglar, reglar…

    Korleis ting blir gjort
    (A. Kapteinen spør om ordren kan gjerast om det er tvil.)
    (B1. Kapteinen beordrer ein mobilisasjon og seier kva stasjonar som skal vere klare og flytter ordremarkøren.)
    (B2. Mannskapet flytter på folka sine.)
    (B3. Mannskapet tar skade om det er farlige ting i ubåten. Dette skjer ved at first officer trekker kort til dei.)
    (B4. Alle bekrefter at mobilisering er utført.)
    C. Kapteinen gir ein ordre og ordremarkøren flytter seg.
    D. Personen som har ansvar for den aktiviteten legger aktiveringsmarkørar på sjømenna som gjer ordren og bekrefter at ordren er utført.
    (E. Om han må bruka mannskap til andre personar må han be om dette og dei må legge aktiveringsmarkørar på sjømenna sine.)
    F. First officer oppdaterer appen.
    —Enkelt!

    Roller
    Kapteinen planlegger alle aktiviteter og gir ordre. Han må altså vite om alle aktivitetane og kva dei gjer. For å hjelpe han bør dei andre spelarane vere flinke til å vise situasjonsbildet med spelkomponentane sine og svare på eventuelle spørsmål. Kapteinens utfordring er å få heile puslespelet til å gå opp. Om han går tom for ordre så ryker moralen. Om mannskapet blir gitt for mange oppgaver er dei oppbrukt før neste vaktskifte. Han administrerer kort som viser kva som skjer om maralen går i dass. Han har også kort som skal hjelpe.

    First officer er hovedsakleg app-meister. Når appen seier ifra om ting, må han vidareformidle det til dei det er relevant for. Aktivitetar som mannskapet gjer må han plugge inn i appen (ikkje alle aktivitetane skjer inni der). Endring i aktivitetar må også oppdateres, f eks antal observatørar og antal reparatørar. Når nokon blir skada, må han dela ut skadekort til dei det gjelder for. Når appen ber om ein event, må first officer lese eit geheim-kort. Av og til er det app-baserte ting andre må få gjere, då må appen lånes vekk.

    Chief engineer er ansvarleg for skadeadministrasjon. Når first officer forteller om skader, så må chief engineer oppdatere med å legge markører på ubåten. Det er også naturleg at han veit kor toolboxane er og kva som er i dei som gjør at ein treng færre sjømenn på reparasjonsoppgåver. Kontroll på spesialressursar til å ordne opp i farlige situasjoner som f eks brann er også viktig. Når han flytter folka sine rundt, kan mannskapet også ta med seg toolboxar og ressursar. Chief engineer må samhandle med first officer for å vite kor omfattande reparasjonsoppgåvene er slik at han veit kor mange som skal flyttes. Chief engineer må også oppdatere fart og dybde og oppdaterer dette på brettet sitt for å holde kapteinen informert.

    Navigatøren må oversette informasjonen som first officer gir til kartinformasjon og eit taktisk kart til kapteinen. Navigatøren er også den som angir tal tilbake til first officer når kapteinen ber og kursendringar. Navigatøren bør be first officer om klokkeslett og må ha kontroll på fart for å vite kor langt ubåten har kome på kartet. Om navigatøren mister oversikt, må sekstanten kanskje brukes. Hovedutfordringa til navigatøren er å lære seg å bruke kartverktøyene riktig. Navigatøren må også lage mat, så lenge kapteinen husker å beordre det, som påvirker moralen.
    — Enkelt!

    Aktivering
    Når ei handling blir gjort, så putter du ein aktiveringstoken på sjømannen. Han har plass til 3, etter det tar han pause fram til vaktskiftet. Visse aktiveringar er varige handlingar, observasjon og reparasjon. I såfall legges spesielle tokens på sjømannen. Viktig i dette tilfelle er å heile tida oppdatere first officer med kor mange som er i dette moduset. Dersom nokon av desse blir avbrutt, for eksempel at personen flytter på seg, blir tokenen på sjømannen snudd til ein normal token. Ved vaktskifte blir observasjon/reparasjons-tokens flytta neste skift. Her må kanskje den nye sjømannen legge til ein aktiveringstoken om han ikkje er ein ekspert, eventuelt avbryte operasjonen. Ein aktiveringstoken blir fjerna på sjømannen som nettopp avsluttea vaktskiftet sitt (om dei ikkje overførte ein token som nevnt tidlegare). Røykepausar fjerner også ein aktiveringstoken. Når ei sigaretteske blir brukt på brua, kan opptil 4 sjømenn kaste ein token kvar (må ikkje vere dine eigne).
    — Enkelt!

    Moral
    -1 per gong kapteinen gir ein ordre uten meir steg på ordretracken.
    +3 kvar gong ein skip blir senka.
    +2 kvar gong ein environmental condition blir fjerna
    -2 per gong ein person dør.
    -2 til 1 kvar gong appen ber om kva mat som er spist.
    -1 dersom det er ein hull breech
    — Enkelt!

    Skade
    Eit skadekort blir lagt under sjømannen og viser kva tokens som må legges til og kva slags first aid som trengs for å ordne opp. Woundtokens går vekk istadenfor aktiveringstoken ved vaktskifte dersom legemidler allereie er brukt. Når ein sjømann får to wounds er han død. Då vil miniatyren “teleportere” inn og ut ved kvart vaktskifte. Dersom moralen på skipet er på bunn, kan ordre fortsatt gis, men dersom det skjer ein hull breach eller ein ny environmental condition kjem på plass så er ubåten tapt.
    — Enkelt!

    Skyt ein torpedo
    (A. Lad torpedo)
    (B. Kom inn i god posisjon)
    C. Programmer torpedo, TDC
    D. Flood torpedo
    E. Skyt torpedo
    — Vanskelig, spesielt B!

    Anna
    – Hydrofonen har vanvittig lang rekkevidde.
    – Kanonen er sannsynlig bedre mot enslige handelsskip enn torpedoangrep.
    – Kapteinen er egentlig den som speler spelet.
    – First offiser speler data og gir beskjedar.
    – Navigatøren sin jobb er å “visualisere situasjonen” og beregne kursar.
    – Chief engineer er gratispassasjer, men får spele puslespel når alt har gått galt.

    #1940
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Andre testrunde gjekk mykje betre, og det viste seg at eg kunne reglane betre enn eg visste sjølv. Spelet er blant dei beste eg har spelt når det gjeld stemning og høve til rollespeling som sjømann ombord på ein tysk ubåt under WWII. Appen gjer det til at ein føler arbeidspresset og spenninga når fienden plingar deg med sonaren. Veldig gjevande når ein faktisk klarar å operere som eit samkøyrt mannskap og ein klarar å senke fiendtlege skip.

    Fire spelarar er eit must, og Øystein Sæbø må vere med neste gong. Han passar rett inn som sjømann.

    #1942
    Sten Ole
    Participant

    Eg var redd for at spelet skulle vere for vanskelig sjølv om reglane var forståelege, men enslige handelsskip var bare delvis trygge når me nærma oss.

    Kapteinsrolla var sånn passe overkommelig sjølv om du fort måtte bruke moral for å få gjort alt. Og for kvar gong du må gjera ein ekstra manøver eller endre noko, så svir det.

    Navigatorrolla var vanskeleg å få til når du samtidig er kaptein, men med litt ro så skal det vere mulig å få orden på situasjonen på det taktiske kartet. Det blir fort litt ufordrande dersom ubåten endrer kurs ofte eller om det går mykje tid mellom situasjonsoppdateringar fra first officer.

    Handelsskip var lett bytte, men eskorteskip var noko heilt anna. Avgjøringa om å prøve å torpedere det når me blei oppdaga gjekk heilt forferdelig. Me dukka og me endra kurs, men sonaren og synkeminene gjorde oss totalt hjelpeslause. Den taktiske guiden forteller at sonaren ikkje fungerer bakover, så målet er å kome seg rundt og bak skipet med å navigere etter hydrofonen, ofte med kursendring rett etter sonarpingen. Den seier også at me bør minske farten når me har klart å kome litt på avstand for å ikkje bli høyrt. Men eg trur uansett at me må rekne med å få litt skade når synkeminene blir slept. Ordremessig blir det uansett ein dyr affære.

    Uansett, dette spelet blir totalt konge med 4.

    #2017
    Sten Ole
    Participant

    Etter ei gjennomspeling med fire så blei spelet mykje bedre etter mi meining.

    Som kaptein, var i alle fall spelet meir behageleg siden eg fekk roen til å finne ut av ordrepuslespelet. Når du hadde navigatorrolla på skuldera i tillegg, så blei spelet 90% navigator og 10% kaptein. Som 100% kaptein så slepp du å håndtere tal og vinklar og posisjonar. Og om alt går galt, kan du skyve skylda på navigatoren! Det gjekk no egentlig heilt fantastisk, så all ære til kapteinen som pensla ut strategien.

    #3065
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Ub

    Fire timar med intens hjerneaktivitet og brannar, lekkasjar, dårlege middagar og røykepausar. Utdanninga som ubåt-operatør fungerer. Eg er klar igjen snart.

    #3066
    Sten Ole
    Participant

    Me hadde sikkert 8 brannar på ubåten i kveld. Eg tviler på at me eingong har hatt brann før. Anders var tydeligvis ein sabotør sendt fra England. Det er eit under at me kom oss tilbake til Tyskland etter toktet.

    Som alltid er dette spelet ultragøy. Eg trudde kanskje at det kom til å vere eit avslappande og kanskje litt kjedelig tokt siden eg var chief engineer, men det var brannslukking og action heile vegen. Og sjølv om eg nesten fumbla ting til, klarte eg puslespelet når vatnet begynte å fosse inn i ubåten. Eg er klar for alle roller vidare. Navigator-rolla frister mest. Nestegong blir det gourmet-mat!

    Eg ser forresten på nettsida har dei lagt ut to ting som bør printes ut og puttes i boksen. Det eine er liste over reparasjonsjobbar og kor lang tid det tek å fikse dei. Denne er god å ha for Chief Engineer slik at reparasjonen ikkje kjem rett i eit vaktskifte. Det andre er ei side med det meste som trengs av taktisk data på ubåten og motstandar. Dette er f eks synsrekkevidde frå observatørar og periskop; synsrekkevidden til motstandaren ut frå om du er på overflaten, ute med periskopet, på dagen/natta, i stygt vêr etc; torpedo rekkevidder og treffsannsyn ut frå angrepsvinkel; kanonrekkevidde; fiendens hydrofonrekkevidde basert på om ubåten kjører eller om mannskapet maser; når spelet synes det er dag og natt (relevant siden ubåten har synsfordelar i forhold til England på natta). Speler du rundt desse stats’ane blir det enkelt å planlegge angrep der ein har initiativ eller evt å halde seg skjult.

    #3067
    Anders Dahlberg
    Participant

    Kjekt!
    Vart ufrivillig sabotør, men berre fordi eg var for dårleg opptrent på krigsskulen.
    Tips: Hugs å minne First Officer på å oppdatere antal observers første gong dette er aktuelt 🙂

Viewing 8 posts - 1 through 8 (of 8 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.