Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Viayanagara
- This topic has 3 replies, 2 voices, and was last updated 1 month ago by
Sten Ole.
-
AuthorPosts
-
11/04/2024 at 23:04 #4108
Rune Hanssen
KeymasterEit COIN-light! 3-player som fungerer bra. Kortstokken er liten og skummel. Ein må vere lur og samarbeide falskt for å få det til. I motsetning til dei ekte COIN-spela er dette meir oversikteleg. Anbefalast som ein primer til desse. Elles også eit bra konfliktspel.
12/04/2024 at 09:00 #4109Sten Ole
ParticipantRune klarte ikkje å stave navnet på spelet rett. Eg har berre spelt Andean Abyss (som eg synes er dritgøy sjølv om me ofte speler feil og alle har sur munn etterpå) så eg kan ikkje samanlikne det til noko anna.
Vijay- er ikkje mykje mindre komplisert, men korleis du og dei andre på brettet ligg an er nok meir synleg enn i COIN-spel. VP er direkte samanlikna med andre, og spelet vil alltid bruke ca 98% av kortstokken. I vanlege COIN spel kan spelet vinnast tidleg, men ikkje her.
Eg likte spelet, men vil nok foretrekke Andean Abyss pga at det føles som om Narcos-TV-serien er på bordet. Vijay- tikker alle boksane det treng som konflikt/diplomati-spel, og klarer det som eit 3-player-spel som imponerer. Korleis spelet slutter er flaks-basert fordi ein ikkje veit når det skjer nøyaktig. Så lenge ein ikkje blir heilt knesatt, har alle ein sjanse. Fordelen dette har over Andean Abyss er at dette er nok lettare å få på bordet fordi reglane i Andean Abyss er lettare å gløyme etter eit par månadar/år.
Eg blei inspirert til å sjå ein film om perioden på Youtube. Spelet passar bra til temaet. Det er ein ganske rotete historie med mange faksjoner, familiedrap og eit maktapparat som berre fungerer så lenge terroren blir opprettholdt nok til at tributtstatane betaler skatten sin. Mongolhæren frå nord er ingrediensen som skal til for at alt sakte men sikkert rakner.
Konklusjon: Spelet er kjempebra, men eg foretrekker nesten alle andre spel i sjangeren (Root, Andean Abyss, Rising Sun, Inis, Circadians: CO, Game of Thrones, Here I Stand, Diplomacy, Kemet, Fief). Me har for mange gode spel.
12/04/2024 at 10:42 #4110Rune Hanssen
KeymasterViagramanana?
Viharamanaja?
Vijayzeemama?
19/03/2025 at 22:41 #4360Sten Ole
ParticipantFekk til ein ny omgang med med Vijay-. Det var forfriskande lett å få i gang sjølv om player aidane er skummelt store. Som alltid i slike spel, var det 2 mot meg der alle ressursar og actions blei brukt til å knekke kalifatet. Mongolane inntok hovedstaden og busette seg der storparten av spelet. Det gjorde det vanskeleg å effektivt undertrykke hinduane og dei moderate muslimane, som i mindre og mindre grad betalte skatten sin.
Moro spel, fortsatt. Neste gong blir Mongol-kontroll og diplomati høgare prioritert, om eg hugsar å lese forumet før me speler.
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.