Village

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • Author
    Posts
  • #1217
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Litt uvanleg worker placement med spekulasjon i døden blant familie og slekt. Ein skal hauste poeng gjennom handel, reising, kyrkjegong og ettermæle i bygdeboka. Typisk kvardagsliv.

    Village

    #1220
    Sten Ole
    Participant

    Spelet gir få indikasjonar på kva som er lurt å gjere før spelet går mot slutten. Du samler kuber, gods og korn; og familiemedlem inntar verv i samfunnet. Dette koster “tid”. Går det nok “tid”, dør den eldre generasjonen ein etter ein. Til lenge etter spelekvelden undrar du deg om døden er negativ eller positiv. Var dei svarte dødskubane egentlig gode? Det tar tid å bli klok på dette spelet.

    #1221
    Sten Ole
    Participant

    Reglar

    Craft-action
    Det er to måtar å crafte på. Den eine krever ein arbeider i bygningen og tid. Den andre krever ikkje ein arbeider i bygningen og bruker ikkje tid. Men du betaler med korn eller kuber avhengig av kva du kjøper.

    #1632
    Sten Ole
    Participant

    Eg står ved at dette spelet fortener 3.-plassen på topp 5 lista mi. Kan hende at eg egentleg likar meir “episke” spel, men topp 5 lista trengte ein “lettvektar” og i den klassen er det få spel eg likar like godt.

    – Spelet har god “flow”. Spelarane gjer små avgrensa valg som likevel ikkje føles irrelevante.

    – Spelet er unikt innenfor sin sjanger. Worker placement skjer ved å velge ein kube som kanskje inneberer at du bruker ein worker, kanskje ikkje.

    – Du kan spele spelet med ulike tilnærmingar. Du velger sjølv kva du vil fokusere mest på og det er ikkje opplagt kva som er best. Skal du dominere reise-yrket? Skal du dominere kyrkja? Skal du satse alt på markedet? Eller skal du dominere bygdeboka ved å la folk dø strategisk?

    – Spelet har ressursar som er både positive og negative. Tid og død er ressursar som må forvaltes. Dersom dei rette folkene dør til rett tid ender du opp med ekstra poeng. Død er også måten å styre at spelet avsluttes.

    Men…

    Er dette spelet du grubler på når du kjem heim? Nei.
    Er temaet fengande med levande karakterar og eventyr? Nei.
    Gir spelet mulighet til å trykke motspelarane ned i driten med diplomati og angrep? Nei.
    Er dette spelet som etterlater sterke minner? Nei.
    Er grafikken i spelet fantastisk flott? Nei.

    #1633
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Bra spel!

    Nokre gonger er det bra å døy og bli gløymd.

Viewing 5 posts - 1 through 5 (of 5 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.