Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Kingmaker II (The Second) › Reply To: Kingmaker II (The Second)
Eg trur spelet går an å elske, men det er nok enklare dersom ein har spelt KM 1 før. Spelet krever litt erfaring for å vite kva ein i det heile skal gjere på. Og opplevelsen vil ikkje nå heilt opp om motspelarane både bruker lang tid og samtidig ender opp med å gjere meiningslause ting.
Med andre ord er det me som er problemet og ikkje spelet. Det krever kollektiv dedikasjon for å trene oss opp. Eg har dessverre eit inntrykk av at eigenskapen til dette mangler i klubben. Om eit spel ikkje gir eit frø av inspirasjon dei første gongane, så kjem det ikkje ofte tilbake. Nøkkelen er at spelarar betre forstår kva dei må gjere for å få framgang i posisjonen sin, og at dei klarer å utføre turen sin fornuftig raskt. Dersom det skjer, blir spelet også lettare å like.
Det er dette med alliansar som eg trur kan øydelegge spelet litt om gruppe-metaen let det bli slik. På eit punkt i spelet, så vil prestige-victory kanskje vere mulig for ein speler. Han har 3 valg. Han kan:
A. Gøyme seg i eit hjørne og håpe at dei andre spelarane som går saman for å prøve å stoppe han ikkje er i stand til å nå fram med båtar, vegar eller uheldige eventkort i tide.
B. Gå saman i allianse med ein sterk medspeler som hadde vore eit problem for plan A og med større trygghet satse på seier.
C. Gå saman i allianse med to andre spelarar. Spelet er i praksis over.
Om spelarar tenderer mot valg C, så faller spelet saman fordi då vil du ikkje ha dramatiske svingingar i spelet. Den seirande spelaren bør våge å satse litt for å vinne aleine. Andre spelarar bør avvise allianseforsøk for å ta ned leiaren og ha ein sjanse til å vinne aleine sjølv. Allianse bør vere ein strategi for underdog’ane, og kanskje då også som berre eit midlertidig middel for å mønstre ein større hær. Når me testa spelet, så var me litt i C-kategorien, men dette var delvis for å berre få spelet til å bli ferdig, trur eg. Det er uansett eit faremoment. Det kan bli litt for lett for ein speler å avrette Lancaster-klanen som ein hadde “evig troskap” til for å melde seg på den breie vinnealliansen.
Men ikkje gi opp, Jarle! Eg er med om dette kjem på bordet. Sjølv om eg mistenker at Fief er eit gøyare spel som overlapper mykje av domenet til dette spelet, så har eg lyst til å sjå korleis dette spelet er “når det fungerer”.