Årsmøte + speling!
Dato / Tidspunkt
Date(s) - 20/02/202018:00 - 23:30
Ledige plasser: 10
Tekne plasser: 5
Årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb
Hei, alle medlemmer, tidlegare medlemmer, komande medlemmer, sympatisørar og godtfolk elles!
Ta del i årsmøtet vårt, ta for deg av mat og drikke og ver med på speling etterpå!
Me arrangerer årsmøte i Kvinnherad brettspelklubb torsdag 20. februar kl. 18 på Kvinnherad Folkebibliotek.
Saksliste for årsmøtet:
- Godkjenning av innkalling og saksliste
- Val av møteleiar og referent
- Årsmelding frå styret
- Rekneskap
- Kontingent
- Vedtektsendringar
- Val etter vedtektene
- Innkomne saker
Røysterett for alle som har betalt medlemskontingent for 2020.
Ikkje-medlemmer er også velkomne!
Saker ein vil ha opp på årsmøtet må vere styret i hende innan 19. februar. Bruk e-post: post@brettspel.no
Speling: Etter det formelle årsmøtet blir det brettspeling!
Velkommen!
Med helsing,
styret i kvinnherad brettspelklubb
Påmelding
Påmelding er stengt for dette arrangementet.
Når det gjeld spel etter årsmøtet:
Fem påmeldte til møtet. Så stikk Sten Ole; nede i fire. Men så kan brått 1-2 dukke opp; påmeldt eller ei. Difor bør me ha plan for 4-6; alle er spel ifrå kjellaren:
4: Root + ev. War of Whispers.
5: Court of the Dead + ev. Secret Hitler.
6: Rex + ev. Secret Hitler.
Ok, då er det ikkje sikkert at me har biblioteket. Eg føreslår likevel å samlast der. Er det oppteke, flyttar me oss til KVV.
Avtalen om torsdag frå i fjor gjekk ut når det nye året ringte inn. Så om me vil ha rommet fast på torsdagar så må ein ny avtale smis.
Har me sikra det dette året altså? Då er jo alt vel…
Er lokasjonen ledig?
Biblioteket er “vårt” på torsdagar og det står ikkje noko om andre arrangement, så eg reknar med det.
Med! (med eit lite atterhald om uforutsette kriser i heimen)
Med på møtet. Mindre enn 5% sjanse at eg er med på speling. 0% om eg ikkje seier noko meir her.
Kiai!
Alternativ betalingsmåte:
Innbetaling til Kvinnherad brettspelklubb sin bankkonto 3460.12.88097.
Merk innbetalinga med “Medlemsskap for [namnet ditt]”.
Me no vipps. Finnes det andre måter å betale på?
LES DETTE FØRST!!
1. Fint om alle kan betale medlemsskap før årsmøtet. Betal kr. 50 til Kvinnherad brettspelklubb på Vipps (#549584). Meld gjerne inn fleire om gongen, som familiemedlemmer!
2. Det blir kåring av beste spel som sist!! Lag di eiga Topp 5-liste som du presenterer på årsmøtet!!
3. Det blir servert mat, drikke og snacks; detaljar kjem etterkvart.