Reply To: Warhammer Quest: Blackstone Fortress

#1572
Sten Ole
Participant

Ny gjennomspeling, nye erfaringar.

Me fekk spelt gjennom ein heil ekspedisjon og testa post-ekspedisjonssystemet (Legacy-delen) som har hengt som eit klamt spøkelse over spelet. Reglar har krystallisert seg og både gjort at limen i spelet henger meir saman og at spelinga går lettare og fortare.

Erfaringa er at dette spelet er tidvis dødeleg om terningane ikkje er på laget ditt. Karakteren min dødde på første exploration-kortet etter 2 terningtrill. Så resten av spelet lånte eg Tor Inge sin andre karakter. I tillegg var det situasjonar som nesten med sikkerhet må bli brutale, f eks at mange fiendar blir deploya på sida av deg og fyrer av øyeblikkeleg. Spelet spisst og biter ifra seg om du har sølt salt eller knust speil i nær fortid. Det skal seies at sjølv om me “dør”, blir me ikkje erklært døde før restane av karakteren blir bragt tilbake til “hovedkvarteret” etter ekspedisjonen.

Legacy-delen blei ein epilog på eventyret. Det er ukjent om me speler spelet igjen. Spørsmålet er også om eg liker karakteren min nok til at eg ønsker å fortsette med samme. Legacy-aspektet lager i alle fall ei ramme rundt spelet. Me gjekk på ein ekspedisjon ikkje for ekspedisjonen sin del, men for å samle clues og kjøpe utstyr til noko større og djupare.

Eit lite savn eg har i spelet er mangel på story-baserte hendingar. Eg føler ikkje at mitt valg av karakter har særleg å sei for speleforløpet. Det er kun eit verktøy for taktikkeri på arenaen. Lootet me får me oss er primært “clue” og “archeotech” som ikkje gir særleg smak på opplevelsen og ikkje gir nye evner heller. Storyen blir ikkje mata til deg, men du er avhengig av at miniatyrane, kartet og grievous wounds er nok til å fore fantasien. Eg føler ikkje eg er der heilt 100% og er berre delvis med på WH40K-tematikken. Alt eg veit om WH40K har eg frå Dawn of War-serien i PC-verdenen (kan anbefales både singleplayer og multiplayer) og at det er eit populært tabletop miniatyr-krigsspel som milliardvis av miniatyr-nerder speler (og samler/maler).

Tips: Ikkje la Tor Inge trilla for fiendane.