Reply To: Dominant Species

#1848
Sten Ole
Participant

Spelelogg 28.04.19

Spelarar:
Rune (Pattedyra)
Thomas (Amfibiane) [første gong]
Sturla (Edderkoppane)
Sten Ole (Insekta)

Eg trur me alle hadde det sånn passe gøy i løpet av kvelden. Det var lite regelkluss. Spelet viste både sin ondskap og sin tilgivande natur. Eg trur spelet også har kvalitetar som 5- og 6-player-spel, men det må eventuelt bli om me klarer å spele med mindre betenkningstid. Eg er overbevist om at 3 spelarar er for lite.

Spelet starta brutalt med vulkanutbrudd mot Amfibiane, tundrautvidelse mot insektene og eit utarmingsevent som gjorde at pattedyrene såg seg tjent med å tape ein action-pawn. Pattedyrene fekk gjennomgå litt ekstra, kanskje fordi dei hadde stelt i stand litt av det vonde sjølv. Pattedyrene blei då ekstra pressa når dei i tillegg er sistespelaren i spelerekkjefølgja.

Edderkoppane fekk etter kvart eit stort område for seg sjølv, men valgte å spele relativt snille og poengorienterte events. Insekta spreidde seg utover i aggressivt tempo slik at dei var til stade nesten overalt. Dei sanka store poengsummar av å vere tungt til stade på tundraen. Amfibiane investerte stort i styring over tundrafiseringa av landskapet. Edderkoppane fekk etter kvart ein ekstra action pawn og pattedyrene fekk tilbake pawnen dei hadde tapt tidlegare. På dette tidspunktet var pattedyrene i ein djup depresjon og såg lite håp for framtida. Jamringa kunne høyres heilt ut til kinosalen.

Mot slutten innsåg alle at edderkoppane og insektene var kongane på brettet. Dette var også tydeleg på matfordelinga på kartet som egna seg spesielt for dietten til insekta og edderkoppane. Insektene måtte jages vekk fra tundraen. Edderkoppane måtte angripes. Insekta hadde brukt opp kruttet sitt i midtspelet og kunne ikkje skape mange fleire insekt.

Amfibiane klarte å lage eit lite habitat for seg sjølv i hjørnet som gjorde at dei fekk sanka litt poeng på slutten. Pattedyrene hadde fått litt fred etter krigen i starten. På tross av at dei ikkje dominerte alle områda sine, hadde dei fleire majoritetspopulasjonar som sikra dei poeng. Insekta var overalt og fekk god uttelling på tross av få resterande insektsarter. Edderkoppane hadde spreidd seg endå betre og i større antal som gjorde dei uovervinnelege.