Reply To: Paladins of the West Kingdom

#2371
Sten Ole
Participant

Elegant design. God symbolbruk. Sjølv om det er eit heilt anna spel enn Architects (of the …), så er det likevel solid design.

Du kan satse på A, B, C, D, E eller F eller ein kombinasjon av dei. Kva som er lurt avhenger av kva slags hjelparar du får inn og kva kongen befaler. Du merker fort om du har fått det til når du rir ei bølge av nye arbeidarar som får utretta meir og meir. Spelet belønner bare det du har fått kjempegodt til. Så om du har fokusert på samtlege element, er det ikkje usannsynleg at du sit igjen uten særleg med poeng.

Fare For analyse paralyse for dei som slit med slikt. Sjølv om du plasserer ein arbeidsgjeng om gongen, er du tvungen til å planlegge alle plasseringane dine for heile omgangen. Det mange vurderingar og valg som må tas. Har du dei rette arbeidertypane til å utføre planen? Kjem hedningen du skal rekruttere til å bli drept av ein motspeler før det er gjort? Skal du gamble på at inkvisisjonen kjem neste runde og ikkje umiddelbart? Tåler økonomien din endå eit usikra forbrukslån? Skal du følge kongens ønsker sjølv om du har “bygd” mot andre aktiviteter.