Reply To: Fief: France 1429

#2760
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

Crusaders. Me gjorde alt på det regulære brettet rett. Om me hadde hatt desse ordenmestarane i spel, måtte lordane som var med i ordenane gått på korsferd uansett. Men dette inntraff ikkje. Reglane tillater også desse lordane å reise på korsferd i same runde som “saladin’s revenge”, og opportunistisk legge seg inn på det objectivet som passer.

Å lage hierarki på rekkefølge på bestemmelse av objective og kven som er sjef for hæren gjorde me også rett.

Det som skjer etterpå er kamp. Her kan spelarane slåss eller beleire. Etter kvar kamprunde, kan leiaren velje å beleire istedenfor å slåss vidare. Beleiring betyr at kvar spelar legg på ein katapult-brikke. Om ein by med pengar blir tatt blir pengane utbetalt med ein gong. Poengbyane gir ikkje titlane før Saladin har herja. Karavanane gir ein pengesum. Og denne kan vinnes ein gong til seinare runden etterpå.

Etterpå går det ein turn med valg, income, kjøp, movement, battles osv.

Så er det “Saladin’s revenge”. Saladin har med seg hestane sine og går frå objective til objective. Han tar med seg reinforcement-hæren på objective-brikken. Om det er korsfararar som har tatt over byen, slåss han med dei og korsfararane får bruke byen som forsvar. Alternativt går Saladin inn i byen og korsfararane veljer om dei vil gi opp eller ikkje.

Så lenge Saladin ikkje blir drept eller fanga går turen hans vidare til neste objective der det same skjer. Han tar med seg alt av reinforcement og overlevande forsvararar frå kvar plass.

Om Saladin blir stoppa, kan beleirande styrkar som gjensår seinare på ruta slåss seg ferdig for å ta over byar eller å slå til mot karavanar ein gong til. Etter dette blir titlar delt ut. Titlane kan også gå til spelarar som ikkje var i Midtøsten. Objektive-brikken til byar som blei beseira går ut av sirkulasjon.

Så går spelarane heim etter same reglane som bestemmer kvar ein kan plassere ein ny lord.

Noko som kanskje er av interesse er at assasinkortet kan brukes mot både Saladin (som gjer at styrkane hans ikkje slåss) og andre korsfararar (som gjer at hæren til lorden reiser heim utan lorden). Eit fiendtlig spelt secret passage-kort kan brukes til å sleppe Saladin inn til korsfarar som har tatt over ein by. Eg rekner med at same kortet kan brukes til å kome inn i byen på første crusade-runde.

Mi meining er at ekspansjonen er forstyrrande. Akkurat korsfarerdelen er ikkje urettferdig bra, men det tar tid å gå gjennom prosessen. Kanskje viktigare er kravet om 5 poeng for å vinne tungt når ein fortsatt oppnår solo-seier med 3 poeng. Det endrer verdien på alliansar slik at dei ikkje er så nyttige. Å skade alliansesystemet på bekostning av “tematikk” er dumt.