Reply To: Eclipse Second Dawn

#2838
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar…

Discovery tiles
Når du får dei, må du med ein gong bestemme om dei skal brukes som poeng eller “bonusen” dei har på baksida.

Exploration
Denne actionen let deg ikkje flytte inn skip gratis.

Exploration discard
Du kan velge å ikkje oppdage sectoren likevel og legge den i ein discard. Om du går tom for sectorbrikker, stokk discarden til ein ny stack som du trekker frå.

Pin
Skip blir pinna om dei havner i ein sector med motstandaren sine skip. Desse skipa blir limt til sectoren. Du kan altså ikkje normalt flytte gjennom sectorar der motstandarspelaren har skip. Pinna skip kan ikkje vere utgangspunkt for explore eller influence actions. Dersom du har fleire skip enn motstandaren i sectoren, vil ikkje overskuddsmengden vere pinna. Senter-bossen pinner alle skip uansett antal.

Kamp
Når fleire faksjonar ender opp i ein sektor, skal dei faksjonane som kom sist inn i sektoren slåss med kvarandre først. Den som kom først inn blir rekna som forsvarer. Sistemann får altså ikkje lov å velge kven han skal slåss mot, men må slåss mot nest-sistemann.

Reputation tiles
Den som kjørte først inn i ein sektor får trekke reputation markers først uavhengig av kampresultat.

Retreat
Retreat kan deklareres på starten av ein normal combatrunde (etter missiler er skutt). Skipa legges i kanten mot der dei skal flykte. Desse skipa får ikkje skyte og flykter før starten på neste kamprunde. Dette er eit relevant val for skip som har skutt missiler og etterpå kun fungerer som kanonføde. Om alle skip prøver å flykte, vil du ikkje få reputation tile for kampen (men kan likevel få for alle skip som du ødelagte).