Reply To: Republic of Rome

#2853
Sten Ole
Participant

Quintius kjem heim igjen på kvelden etter nok ein traust dag på senatet. Roma skulle reformeres, men ikkje i dag heller. Badehuset hadde vore neste stopp om situasjonen var annleis. Men Lucius hadde blitt forført av penger og lauslege lovnader. Dei andre senatorane også.

Quintius sukker aleine på møterommet med bare den store planen for å gjenreise Roma til å holde han selskap. Planen som ingen vil diskutere før Macedonius kjem heim frå hærtoktet. Og då vil sikkert Macedonius ha all taletida for seg sjølv.

Quintius kikker ned i pengekassen der han har alle sparepengane sine. 5 sølvpengar og ein liten dekorert stav med påskrifta “consul”, ein tittel som kanskje hadde betydd noko under andre omstendigheter. Tittelen han hadde fått for å tie stilt og nikke lydig. Tittelen han hadde fått for å holde andre unna makta. Quitius sukka med avmakt.

Den store planen treng ein sterk leiar. Nokon med betre evner enn Quintius. Nokon med meir tyngde på senatet. Nokon som kan bevege folkemassane… Ein idé krystalliserer seg. Planen treng ein populær krigshelt. Planen treng Macedonius. Quintius ser på myntane i kassen igjen. Tankane galloperer. “Dette kan fungere,” humrer han til seg sjølv. “Tjener! Eg har eit hasteoppdrag til deg!”

Brevet var hastig forfatta, men formen var ikkje viktig. Innholdet sa alt. Rullen forsegla han med to segl, familieseglet med piggsirkelen og det offisielle konsulærseglet til landet. Mens voksen herda, smilte Quintius. Eit nytt Roma stod i vente. Byråkratiet og diskusjonane som tradisjonelt belemra republikken kom til å høyre til fortida.

“Direkte i henda til Macedonius,” instruerte han tjenaren sin. “Ikkje la nokon andre i Runiusklanen sjå deg.”