Reply To: Time of Crisis

#2937
Sten Ole
Participant

Ny gjennomspeling i kveld. Spelet er ikkje verst. Jarle tok ein ledelse tidlig og dominerte resten av kvelden. Det var delvis kløkt og delvis at ingen gjorde særlig med det før det var for seint. Spelet varte i ca 4 timar pluss minus.

Eg ser eg frå tidlegare har skrive opp mange regeltolkningar. Allereie no ser eg at nokre av dei er suspekte. Men eg trur likevel det var ein og anna detalj som me gjorde feil i kveld, uten at det skada spelopplevinga eller resultatet. Pretenderreglane kjem nok alltid til å vere ei utfordring i dette spelet.

Reglar å sjekke opp i (eg skal vurdere å studere om me planlegger ein ny spelekveld):
– Tapar ein governør support når ein fiendtleg hær sit i byen?
– Flykter overlevande barbarhærar som taper tilbake til heimlandet?
– Hindrer rival emperor at emperor-turn-markøren flytter på seg?