Reply To: Posthuman Saga

#3742
Sten Ole
Participant

Då har eg sett filmen Posthuman Saga også. Det er ein eksperimentell kombinasjon av eit poengpuslespel og ein storybasert RPG. Eg likte det, men det burde ikkje fungere som konsept. Blandinga av sjangre bryter alle brettspel-design-lover, men det overlever likevel kvelden med glans.

Det er akkurat nok historie til at du gløymer den litt barnespel-aktige puslinga med terreng tiles og scavenge brikker. Eg drøymte meg vekk tilstrekkelig til at eg ikkje innsåg at det å vere last player gjorde at ingen av terrengene passa til å gjere del 2 av missionet mitt. Ikkje at eg hadde klart det likevel fordi karakteren min blei heilt ubrukelig uten ammo.

Men eg hadde det gøy. Eg skaut ei dame med handlevogn for å stjele SMGen hennes. Eg spiste burger laga av mutantkjøtt med bare mindre bivirkningar. Dei historiane holdt meg i live mens 3 av 4 turar var basert på å sette plaster, sanke blåbær i skogen og finne ressursar som byen kunne bruke til å bygge ein gitar.

Speletida var litt lang, men føltes kortare enn dei 5 timane me sat der. Tida forsvant i spelet. Sjølv om eg trur spelet ikkje held seg i lengden, var det definitivt verdt å dra fram for ein kveld. Me får dra det fram igjen når me har gløymt det om ca 3 år og oppleve det ein gong til!