Reply To: Vindication

#3850
Sten Ole
Participant

Ok, ny plan! Prosjekt Vindication blir omdøypt til Prosjekt Mindre Ambisjonar!

Eg pakka ut spelet og la ut det som var av modular og testa ut 4-5 rundar med falsk 2 player-speling. Det blir for mykje. I tillegg så tilfører kvar modul til poenginflasjon slik at spelet blir ferdig tidlig uten at spelarane får til noko. Fleire av modulane treng også så mykje bordareal at det ikkje er praktisk å kombinere.

Erfaringar:
– Guild/monument-modulen gir lite utenom poenginflasjon og dårleg dokumentert regelbloat. Einaste grunnen til å ha den med er å rettferdiggjøre at spelet kjem med metall-trekantar.
– Bossfight-modulen gjer berre at du unngår å gå i midten. I tillegg gir Chronicles-modulen nok rot på kartet og då vil du ikkje ha endå meir rot.
– Leder-modulen tar opp mykje areal og du har egentlig lite lyst å bruke den. Abilityane er ganske tamme og du har ikkje lett tilgang til å lese kva dei gjer som berre er irriterande.
– Foreløpig inntrykk av Chronicles er at det skjer ting rundt om på kartet: Bra! Kvar gong du får noko så får du ein historie om korleis du fekk det og ein minibonus ut frå eit valg du tek: Uvisst om dette er bra i lengden… Festivalen er eit avløp for tokens som du ikkje veit kva anna å gjere med: Ser ut som ein blindtarm gameplay-messig.

Kan også nevne at spelet ikkje er lett å organisere med alt det har av ekstradeler. Insert i eskene er direkte fiendtlege. Ting passar ikkje saman. Miniatyrane er spesielt unødvendige.

Men… no er Vindication klart til å speles!