Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Feast For Odin › Reply To: Feast For Odin
No er det ei stund sidan me hadde Feast for Odin. Dei siste gongane har me også unngått å bruke Norwegians-ekspansjonen i frykt for regelkluss og regellesing når me heller berre vil spele og ha det gøy. Ekspansjonen er forøvrig i BGG-kretsar framheva som ein obligatorisk ekspansjon på grunn av alle problema den fikser. Nylig hadde Sturla spelet med seg i adventure-sekken sin og me tok til mot og hadde med ekspansjonen.
Spelet er stort sett det same. Det er ingen store inngripande endringar i spelet. Det er eit nytt action-brett, men ein må studere godt for å oppdage heilt nye actions. Den einaste store revolusjonen er ei ny kolonne med actions av omlag same type som dei andre. Grunnspelet baserer seg på å anten sende 1 viking og få til noko lite, 2 vikingar og få til litt, 3 vikingar for å få til meir og trekke eit kort eller 4 vikingar og få til masse og kunne spele eit kort. Den femte kolonna lar deg anten spele 1 viking eller å sende 2 vikingar og å spele eit kort. Det er også eit felt som grovt sett er like kraftige som dei i tredje kolonne. Så kvifor ikkje bruke desse felta heile tida? Jo, det er fordi om du legger ein viking her, så er du ferdig for heile runden. Det er med andre ord ein måte å avslutte runden din på med eit utvalg som ikkje er oppbrukt.
Når me snakkar om oppbrukte actions, så er ein annan endring at spelet tek vekk kopieringsfelta i spelet. Det betyr at trykket på dei normale actionane er mykje høgare. Feeling-messig er dette den store forskjellen i spelet. No blir dei gode planane dine konstant blokkert. Det er ein reell fare for at andre spelarar kan kvele all framgang dersom du spesialiserer i same retningen som dei. Dette er nok ikkje noko alle likar, men det gjer i alle fall spelet litt meir dynamisk og tvinger deg til å tilpasse ut ifrå kva som foregår.
Det er litt andre ting med i spelet også, men dei har lite å seie. Det er fleire øyer å populere med ting, du har fleire typar gods, spesielle småhus du kan bygge eitt av og du har muligheten til å emigrere med kvalbåtar. Det føles egentlig berre som fyll for å rettferdiggjøre å kalle det ein ekspansjon og ha alt i ei middels stor eske.
Konklusjon: Ekspansjonen er god, men eg vil påstå ikkje så essensiell som BGG-folk vil ha det til. Grunnspelet er bra som det er sjølv om det er ein litt meir navlebeskuande opplevelse. Ekspansjonen er heller ikkje ein skummel ting å tre over grunnspelet. Delvis er dette fordi regelheftene til ekspansjonen og grunnspelet har eit layout som gjer ting overkommeleg utan å måtte forberede noko på forhånd.
Uansett er det fint å få Feast for Odin på bordet igjen. Det er eit Uwe Rosenberg-spel som gjer noko anna enn dei andre, som føles som om dei alle er same spelet. No skal eg ikkje snakke vondt om dei (eller det) andre heller, dei er heilt greie dei også. Men eg likar godt å spele tetris med umulege brikker. I går gjekk det heilt elendig, og det var kjempegøy.