Velkomen til Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Terraforming Mars › Reply To: Terraforming Mars
Det du seier er nok i stor grad i tråd med kva dei fleste i Terraforming Mars-klubben synes (både lokalt og globalt), Nemlig at Grunnspel og prelude er det beste og alt anna er bloat. Det gir i alle fall den reinaste Terraforming-opplevelsen.
Eg er både enig og uenig. Eg har nok heile tida vore litt lunken i forhold til Terraforming Mars som spel. Det er eit spel som eg føler speler seg sjølv. Så eg har aldri vore den største fanen av konseptet. Av dei 3 ekspansjonane var det den mest omstridte, Turmoil, som fekk meg til å like Terraforming littegran. Det gjorde at eg hadde argumenter for å utsette planar til betre politiske tider og gjorde at spelet ikkje lenger var ein rein eksponensialfunksjon. Eg er nok mykje aleine i min elsk for denne eine ekspansjonen.
Colonies og Venus har eg berre nøytrale følelsar i forhold til. Eg veit ennå ikkje kva ein floater skal representere… Ok, eg søkte det nettopp opp på nettet. Det skal visstnok vere ballongstrukturar i øvre atmosfæren av jupiter eller mars der folk kan bu. Terraforming Venus/Jupiter med andre ord.
Tidsmessig er nok 5 timar Terraforming Mars litt i lengste laget. Sjølv om ekspansjonsreglane foreslår ein måte å bekjempe den lange tida på, er nok det beste måten å korte det ned på at ekspansjonane blir strippa ut av oppsettet. Så til slutt var eg kanskje mest enig, kanskje, men konsekvensen er muligens at eg returnerer til hat-modus.
Når kjem Voidfall på bordet?