Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Vindication › Reply To: Vindication
Gjennomspeling 21.05.25
Me spelte Vindication med 5 spelarar. Me valgte å utelate Chronicles eller andre større ekspansjonar av frykt for at spelet skulle bli overskygga og bli stagga ned til sneglefart. Eg trur dette var rette valget, men det er vanskeleg å seie med sikkerhet. Ein av ulempene til Chronicles er at reglane pålegger spelarane å stoppe spelet og lese ein blurb kanskje 20 gonger for kvar spelar ved bordet i tillegg til alt det andre ekstra som kjem i tillegg. Eg trur dette er eit stort problem om det er meir enn 3 spelarar ved bordet.
Uansett me kom borti eit regelspørsmål i løpet av dei første minutta då Sturla fekk ein pet som hadde ein abilty som hindra av andre kunne få poeng. Regelheftet var som alltid, heilt ubrukeleg. BGG hadde eit svar som me etter kvart måtte godta uten at brukeren som gav svaret var ei god autorisert kjelde, men det gjorde at spelet kunne fortsette på ein normal måte. Tolking: “while active = companionen har blitt aktivert og det er turen din”
Ellers gjekk spelet som det alltid går. Du vandrer rundt, samler venner og egenskaper, poengene ramler inn her og der, så slutter spelet. Eg kjem alltid inn i spelet med høgare forventningar enn inntrykket eg sit igjen med etterpå. Spelet har gode idear og er ganske rett fram, men det er eit eller anna ønske spelet ikkje klarer å innfri. Eg veit ikkje heilt kva det er heller.
Kanskje eg misliker at på samtlige turane mine gjer eg nesten ingenting som eg føler har stor signifikans. Eg veksler attributes fram og tilbake og får ein ny companion og det skjer ca ein gong per tredje tur. Companionane og dei fleste korta gjer lite spesielt og då bryr du deg mindre om du tek den eine eller den andre når du har eit valg. Uansett, kan du berre bruke ein companion per tur og dei andre blir berre vandrande poeng. Effektane på kort er enormt dempa. Det er også eit problem at kort er ganske usynlege om du ikkje plukkar dei opp. Det hjelper lite at dei står i eit display om du du likevel må strekke deg for å sjå kva du kan velge. Dette er eit klassisk problem som ikkje er unikt for Vindication, men det irriterer meg litt i kvart spel som er slik. Spelet gir deg ikkje mål og meining. Du går rundt og gjer ting, så er spelet ferdig. Einaste indikasjonen på at ein ting var betre enn ein annan var at eg fekk 2 bonuspoeng kvar gong eg gjorde action X. Så fekk eg ein annen ting som sa at på slutten av spelet fekk eg 1 poeng for kvar gong eg hadde gjort action X. Så då var eg dømt til å kjøre action X-loopen i spelet. Spelet føles litt som ein julekalender, men istedenfor sjokolade får du ein kupong med 10% rabatt på tanntråd.
Sluttinntrykket blir berre at dette spelet var heilt greit. Det er heilt greit å vere med på. Men, eg føler lite motivasjon for å vere spelets champion og dra det fram, og eg har inntrykket at andre heller ikkje har det som sin favoritt.