Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4391
Sten Ole
Participant

Ny runde frostpunk unnagjort med revidert regelsett. Spelet var ti gonger vanskeligare og me spelte dobbelt då smart. Resultatet var at sjølv om me klarte å opprettholde flyten av råstoff, generatorvedlikehold og matproduksjon (som me tidlegare i spelet hadde løge til folk at me hadde full kontroll på), låg me dårleg an i forhold til helsevesen og åndeleg påfyll. Me fekk ingen belønning for å ha investert opplæring til event-kvakksalveren som me får anta at var ein reell sjarlatan og ikkje ein lege slik han påstod. Uansett, etter massedød av barn med koldbrann, blei helse-advisor Øyvind lynsja i sin heim av sinte foreldre. Resten av regjeringen rømte opp i fjellet.

Spelet fungerer bra til å fortelle historiar med ein event-deck som blir seeda med konsekvensar av handlingane me gjer og lovene me vedtar. Som coop-spel er det sårbart for alfa-speling sjølv me me som har spelt har vore flinke med å ikkje overstyre andre. Systemmessig er spelet veldig bra med fleire løysningar på diverse problem og logisk samanheng mellom handling og utfall. Varighet på spelet er potensielt veldig langt. Ein må rekne med 8 timar speling om ein ikkje dør underveis.

Inntrykk av spelet er fortsatt veldig godt.