Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4397
Sten Ole
Participant

Etter test med 4 spelarar, kan eg uttale meg fritt. Me blei ikkje presentert for historien, men fokuset på spelet er nok mykje på mekanikkane og historiane du speler ut underveis. Som deckbuilder fungerer spelet på ein interessant måte siden å bygge opp stokken din gjer at det er ein action mindre du kan gjere på akkurat den turen. Å scoute nye bevegelsesmulighetar på kartet gjer at du må fylle stokken med “interference” som er eit dødt kort. Når folk dør, går eitt av kampenheten sine kort ut av stokken din. Når du ikkje har kort å kaste, så dør heile enheten.

Alt som skjer i spelet er eit dilemma. Skal eg bygge meg opp eller skal eg gjere noko aktivt? Skal eg flytte meg og ta over objectives eller skal eg drepe motstandaren? Skal eg bruke opp eit bra kort for å vinne først player-status eller skal eg gi frå meg initiativet sånn at motstandaren får skyte vekk alle korta som eg skulle brukt på turen min? Når terningtrill på angrep kjem med i spel, blir det vanskeleg å gjere dei rette valga. Spelet er altså ideelt når du ønskjer vanskelege beslutningar og trekk av kort som ikkje passar til planen. Spelet er veldig tidsmessig avbalansert. Du får som regel gjort lite på turen din, eventuelt litt meir av og til og ingenting andre turar. Sakte men sikkert føler du at undergangen truger dersom motstandarlaget står på litt betre terreng eller har vore flinkare på langsiktig tenking, og slik vil nok begge lag føle det.

Eg trur 2 player og 4 player er litt annleis. I 2 player så blir actionane dine meir smørt utover heile kartet fordi du trekker kort for begge lagene dine. Med 4 player vil kvar tur vere meir fokusert lokasjonsmessig og kva spelar blir er meir spesialiserte. Måten kapteinsrollene og spelrekkefølge foregår har også konsekvensar for kva ein siktar på i angrepa sine. Kva som er “best” er eit ope spørsmål.

Sjølv om det scenarioet me testa i dag virka litt ein-dimensjonalt ser eg stort potensial i systemet på dei karta som er litt meir interessant utforma. Eg gir ikkje dette ein karakter ennå, men eg hadde det ganske gøy.