Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Frostpunk › Reply To: Frostpunk
Speling nr 3 unnagjort. Me kom til slutten av historien og kom akkurat ikkje i mål. Eg mistenker at vi juksa via misforståelse på siste kortet der vi hadde ein tur med heated soving som eg trur var ufortjent. Men det var godt å få sett heile spelet frå A til Å.
Siste kortet var ein heller antiklimaktisk slutt på eit moro fortellingssystem. Det var som å få skattesmell når kontoen allerde er tømt. Det var Utematisk mating og sjukdomspleiing for å måle om spelet hadde knekt deg eller ikkje. Det verste var at du ikkje fekk vite at dette var målet med spelet før turen rett før vi var ferdige, og då var det for seint å snu om på det som er av planer. Vi fekk ikkje ein historiemessig god avslutning. Skal eg bli skeptisk til dei andre scenariene no? Det som kanskje er det dummaste er at no er scenario 1 ikkje spelbart lenger fordi med kunnskap om målet er spelet ikkje vanskeleg lenger.
Inntrykket av totalen er likevel grei. Neste gong må det bli eit anna scenario. Kanskje dei andre scenariene har ein betre raud tråd vi kan følgje og ein betre epilog.