Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4415
Sten Ole
Participant

Rapport:

Scenario 3 var mykje meir dynamisk enn scenario 2. LFA-faksjonen måtte ordne med pit traps med dei små enhetane sine før dei kunne komme inn på kartet. Breaker-faksjonen hadde drill-bilen sin for høg mobilitet og forhøya posisjonar til å dominere slagmarka. Fordi det er fleire win-conditions, er det tydeligvis mange potensielle framgangsmåtar. Scenariet tvinger til ein viss grad spelarane til å aggressivt flytte inn styrkar heller enn å skyte frå trygghet om dei vil få noko til. Slike forflytningar er også ikkje uten kostnad.

Kanskje me burde ha klarifisert at command, bolster og guide kan rettes mot medspelaren på laget når me speler spelet med 4 spelarar. Som regel er du helst tjent med å rette slike effektar på deg sjølv, men det finnes unntak. Eg er ennå ikkje sikker på om spelet er betre med 2 eller 4. Forskjellane har mykje å seie, men eg er uviss på om spelet er primært retta mot 2 spelarar eller 4 spelarar.

Ein gjengåande skuffelse med spelet er feilprint på fleire delar av spelet. På errataen for scenario 3 er det brettet som er rett og ikkje scenarioboka (som er omvendt frå andre scenario). Pit-trap-markørane har feil ikonografi. Fleire scenario er råka. QA-prosessen har svikta hos utgiveren. Det er sikkert ein god idé å printe ut errataen sånn at ein slepp å tvile på alt og må til å leite på BGG (der halvparten av svara er suspekte).