Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4489
Sten Ole
Participant

Reglar, reglar, reglar

Stå stille på turen din
Når du triller terningar og skal flytte deg, og du triller eitt eller to market-discard-symbol, kan du velge å stå stille.

Foiling a threat
På ein fest, dersom eit festbrems-kort er med på firar-utvalget, kan spelaren som la inn kortet velge å hive reputation-kort med lik farge i safe-haugen. I tillegg kan spelaren frivillig få reputation kubes for kort som blei redda frå forfølgelse.

Mollyene vinner
Når Mollyene vinner spelet, får informanter mot stengte mollyhus sletta sine indictments. Informanter som ikkje klarte jobben sin får ein ekstra major indictment. Det er 2 poeng per lojale encountertoken på opne molly hus. Deretter kjører alle gjennom indictments. Dei overlevande samanliknar kven som er den beste Mollyen.

Cole Wehrle har laga eit nytt mystisk spel med ein verden der du gjer ting, men har ingen anelse om det er bra eller ikkje. Molly House setter deg i rolla som ein Molly som berre vil kose seg, men må passe seg for meir konservative krefter som vil stenge ned alt som liknar på kos.

Spelet har fire Molly-hus der festar kan arrangeres og som innbyder til visse typar gleder. Her kan du til ein viss grad velge å spre gleder utover mellom husene eller konsentrere deg om visse hus. Her kjem kortforvaltning i spel. Kort bruker du anten til å opparbeide reputation for å gjer at du kan arrangere dei beste festane eller for å delta på festar og kose deg.

Spelet har ein community score som Mollyane må booste ved å samarbeide på festane. Denne scoren må opp før spelet tar slutt eller at konservative krefter slår ned på aktiviteten. For å begrense at husene blir stengt og personforfølgelse må spelarane til ein viss grad samarbeide om å begrense festutøvelsen og smuggle aktivitetane lenger ut i buskane.

Men spelet er ikkje eit samarbeidsspel. Om dine aktiviteter kjører hardt mot gule lyster og det gule lysthuset, er det ikkje noko i vegen for at du hjelper borgervernsgrupper å slå ned på aktiviteter med andre farger. Om dette fører til at konkurrerande Mollyhus blir raida, blir du benåda og slipper forfølgelse. Dersom absolutt alle Mollyhus blir stengt får du lov til å overleve mens dei som nekta å sladre på kvarandre henger frå galgene. Å bli informant har også sine ulemper fordi dersom andre avslører deg, blir du sterkt begrensa i kor mykje du får gå på fest og sabotere.

Det høyres kanskje enkelt ut å konsentrere seg om ein “domene”, men korta som du får vil spre seg ut i ulike retningar. Det gjer at du sannsynligvis får ein lojalitet til dei fleste Mollyhusene. Du må dermed bli litt kreativ i kortspelinga for å få ein klar retning på spelet. Og når du først krystaliserer ein lyst-profil, er det lettare for dei andre spelarane å konspirere mot ditt favoritthus. Ein annan strategi du kan satse på er å vere akkurat eit hakk meir i skapet enn andre spelarar slik at andre tek den verste støyten. Valget å bli informant kan enten vere motivert av å komme foran andre spelarar, eller det kan vere eit spørsmål om overlevelse når du ser at frihet og mangfold ikkje er liv laga på 1700-talet.