Kvinnherad brettspelklubb › Forums › 2-player: erfaringar og vurderingar › Fields of Despair › Reply To: Fields of Despair
Dette er eit verdig 2-playerspel der du driv frontadministrasjon og triller terningar. Spelearane prøver anten å holde linja eller bryte gjennom og kan gøyme styrkesamansetningane sine, eventuelt berre redusere kvarandre med artilleri. Begge bruker fly til å identifisere svake punkt eller gjennombruddsforsøk. Spelet har tilgivelege offensive mulighetar i starten av krigen med mobilitet og rettferd mellom angriper og forsvarar. Når skyttergravene kjem i spel, får forsvararen store fordelar. I motsetning til Paths of Glory, er spelet fokusert på vestfronten. Alt som skjer utenom er abstrahert ned til nokre julekalenderposer som kan påvirke kor mange nye leketøy du får. Du slipper også å mikro-manage soldatvandring i Serbia.
Spelet er gøy, men oppleves også veldig seigt og belønner defensive beslutningar over gutsing. Dei fortifiserte feltene er spesielt vonde å angripe. Hadde spelet vore noko anna enn første verdenskrig, hadde eg kanskje vore meir skeptisk. Men vondheten passer temaet godt. I ein større kampanje vil nok spelet ha ei handlingskurve som kopierer krigen godt. Tyskarane er offensive i starten men etter kvart snur det seg og utmattelsen begynner å melde seg. Spelet er litt teknisk og knotete med blokker som skal roteres og byttes ut med muligheter for å legge inn “deception”-blokker som er fantomstyrker som ikkje finnes. Spelet lar deg også ofte omfordele styrker på fronten slik at det alltid er uvisst kor du er svak og kor du er sterk. Men sjølv om det er litt fiddly, ligg det mykje spel i det. Eg speler gjerne spelet igjen med nye teoriar om kva som er lurt.
Reglar, reglar, reglar…
Combat
Artilleri-ild er innebygd i combat. Det vil seie at artilleri-ild blir utført når hexen blir “kjørt”. Så kan den aktive spelaren velge om infanteriet skal slåss etterpå. Reint praktisk har det litt å seie for informasjonen som angriparen har til å gjere beslutningar ut ifrå. Og det gjer også at forsvararen ikkje får makimert artilleri-bruk ved fortene og at forsvararen blir lurt til å sløse artilleribrikker der det blir brukt decoy-artilleri.
Supply
Fortene fungerer som supply source til 2x SP av fortet sin styrke. Det vil i praksis seie at å omringe fortene har låg effekt. Det er samtidig veldig effektivt å omringe styrker som er isolert frå fortene. Supply skal også bokføres per blokk og denne blokka er supply-laus til neste gong supply skal allokeres. Dette gjer at kanskje desse enhetane er elendige ei stund etter at supply-situasjonen er fiksa.
Artilleri og luftproduksjon
Ei ny artilleribrikke koster 1EP. Dette kjem i tillegg til kostnaden for å auke artilleri maintainance. Fly oppdaterer du etter kvar actionrunde. Regelen er maksimalt 5 counters og at du ikkje kan gå over air maintainance som vil bli midlertidig redusert når fly blir skada. Ace-counterane når dei blir tilgjengelige er lik som vanlege, berre at dei kan rerolle litt.
Amerikanarar
Amerikanarane kan teleporte seg rett inn i fronten når dei kjem og blir levert gradvis i actionfasane med sin ugudelig gode amerikanske logistikk. Ingen tea-time eller fransk vinpause her i gården.