Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Kinfire Council › Reply To: Kinfire Council
Eit kjekt spel! Eg synes ikkje nedetida var eit problem eigentleg; det føler eg gjerne i andre spel for 6. Problemet var heller at det blei for fullt på brettet, noko som gav få/dårlege val. Trur eg hadde to rundar der eg ikkje fekk gjort noko anna enn ærend. Då trur eg det hadde fungert betre med 5, som også berre hadde hatt 2 workers kvar, og dermed fleire ledige felt. Men samtidig opnar det jo seg opp område om ein arresterer kultist også då, men… Men altså nedetid; nei. Kvar runde gjekk eigentleg ganske raskt, synes eg.
Tematisk var det heilt fint. Eg bekymra meg for kultistane, kikka på fyrtårnet som vart bygd, reiste rundt i byen og oppgraderte plassar. Eg koste meg med det, og då kan eg ikkje klage.
Til det Sten Ole har funne ut, er det vel berre det med Sentryar som påverka sist runde. For om Rune då hadde fått valt den andre x5 brikka, hadde vel han potensielt enda opp med + 15 VP meir eller noko slikt, og kunne potensialt vunne heile driten. Men men; eg er nøgd med å ha klart over 50 VP og at kultistane ikkje vann.