Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Unsettled › Reply To: Unsettled
Ny omgang Unsettled på ny planet, denne gongen på ein “planet” med nivå 4 med 3 spelarar. Av grunnar som eg ikkje vil spoile auka denne “planeten” inntrykket mitt av spelet eit par hakk. Eg begynner å tru at vanskelighetsgraden på planetane ikkje nødvendigvis har med kor vanskeleg det er å vinne, men heller kor kompliserte problem du kjem borti og kor mange ekstrareglar du må forholde deg til. Vi vant relativt lett, men utfordringa handla om andre ting enn å vere effektive og forvalte ressursar.
Som for lenge siden, synes eg fortsatt språket i spelet er vanskeleg å høgtlese. Det er ufullstendige setningar i ein munnleg form med rare forsøk på humor som er så uventa at du snubbler med å fortelle vitsen med same måte som spelet hadde tenkt. Teksten er godt eigna til å dra deg ut av historien.
Moro spel likevel, i alle fall så lenge du prøver nye missions.