Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4549
Jarle
Participant

Dette synes eg var veldig gøy! Fordi: Eg spelte heile spelet utan å bry meg om poeng, og det er alltid eit godt teikn. Det er ganske sjeldan eg gjer. Men her var det å prøve å vere “god” i rollane eg hadde, om så god for meg sjølv, andre eller kompaniet. Det var heller ingen dødtid, og fem spelarar fungerte veldig fint. Eg trur nok ein del må skje “utanfor spelet” for optimal oppleving; slik som pengen eg gav til presidenten i Bombay i starten fordi dottera trengte ny kjole. Balansen mellom kva som er bra for kompaniet og seg sjølv var også interesseant; siste runde la eg opp til ein krig eg kunne profitere på sjølv, men samtidig to handelsavtalar som andre ville profitere på, men kompaniet ville tene mest på; me gjekk jo også langt forbi 40-merket på brettet. Om me spelte alt rett veit eg ikkje, men eg er veldig klar for ein ny runde. Som Sten Ole sa stod jo alt på brettet (av gangen, i alle fall), og med ein runde til med desse reglane, er eg klare for å utvide. Kjekt spel!