Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4558
Jarle
Participant

Eit stykke ut i spelet hadde eg spelet på brenne-lista mi. Heldigvis kom det seg, så det blir ikkje brenning endå. Eg er klar for ein runde til. For det er nok eit gøy spel her, sjølv om det ikkje kom heilt til overflata (pun intended) denne gongen, synes eg. Det var for mange uklarheiter på ting, som ikkje gjekk på reglar, men tolking. Det var til tider fiddly, med å reise seg og ta på (!) kvarandre, det var også eit vanskeleg deduksjonsmoment, for eg såg ikkje heilt kva informasjon eg skulle sjå etter for å vite kven som var kven. Dette spelet er nok også avhengig av meir dialog; det var mange som haldt informasjon godt skjult, og då er det ekstra vanskeleg. Avalon/Resistance er nok framleis min social deduction-favoritt, for det er så “reint”; skal du lyge der, må du vere god, og ha ei “forklaring”, og deler du ikkje informasjon, er du på raudt lag med ein gong. Men første gjennomspeling gjer at eg er klar for ein ny runde ein gong, før eg kjem med endeleg dom.