Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Robinson Crusoe: Adventures on the Cursed Island › Reply To: Robinson Crusoe: Adventures on the Cursed Island
Eg trur du har «spelt» fleire enn to gonger Jarle. At reglane er søppel er velkjend. Det rare er at det er kome 2nd edition av spelet og at Awaken Realms har laga deluxe-komponentar. Om det er betring i reglane veit eg ikkje, men spelet er populært nok der ute i jungelen.
Eg har gjennomført/overlevd scenario 1 to gonger. Første gongen var me så utslitte at me pakka vekk spelet. Andre gongen gjekk me rett på scenario 2. Antiklimakset er at ein føler same elendigheten med desperate forsøk på å overleve det neste døgeret.
Likevel er eg einig med Jarle at atmosfæren med spelet er gøy. Eg trur det beste er å berre velgje kva som helst scenario og gå inn med full innleving og rollespele seg gjennom torturen. Det kan vere artig.