Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Galactic Cruise › Reply To: Galactic Cruise
Som alltid veldig godt skrive av Sten Ole; hundre tomlar opp!
Likskapen til Lacerda i “feeling”, men reglar som er lettere å hugse, gjer kanskje at dette kjem fleire gonger på bordet? For når det vart plukka ned på bordet sist, hadde Sten Ole null problem å forklare korleis alt hang saman, og det gav meining.
Eller; eg sleit med å forstå passasjerane som skulle ut på romeventyr; kva fargane betydde både når dei venta, gjorde seg klare og når dei var ombord i skipet. Eg låg i går kveld og funderte på dette når eg la meg (slik ekte menn gjer). Då kom eg lettare fram til korleis x-type menneske likar best å gjere på x-type ting, og såg levande for meg romskipa som tok passasjerane sine med på cruise.
Først då “forstod” eg eigentleg kva heile spelet handla om, sjølv om det jo også eigentleg ligg klart som dagen i tittelen. Men etter litt filosofering i går natt blei brått heile spelet levande, og eg såg for meg alt arbeidet på kontora, korleis dei jobba i siloen, reiseagentane som sprang rundt på oppdrag, desperat annonsering for å skaffe kundar til cruise for å ikkje måtte avlyse dei osv.
Neste gong vil eg ha dette biletet i hovudet mitt som gjer at handlingane mine på bordet gir meir “innleving” og eg vil også prøve å forklare dette til nye spelarar, slik at dei kanskje klarar å sjå litt forbi det reint mekaniske som spelet jo er og legg opp til.
Men; kjekt spel, eg er med igjen!