Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4606
Jarle
Participant

Eg håpar å sjå innlegg som kan auka optimismen.
Mitt vetle bidrag til dette: Eg er med igjen!

Men som du seier; med fire spelarar, og med spelarar som er “klare” for å spele det. For det er masse her å like! Me spelte fire timar sist. Eg begynte utan nokon posisjonar i det heile, men klarte med svindel å klore til meg opiumshandelene. Det var til gjengjeld einaste posisjonen eg hadde heile spelet, og det involverte å trille terningar éin gong kvar runde og håpe å få 1 eller 2. Likevel hadde eg det gøy. Det er få, truleg ingen, andre spel eg hadde sete “utanfor” i så lang tid og berre sjå på at alle andre spelar og gjer sine ting. Dette fordi John Company legg opp til avtalar, trugslar, svindel og påverknad i ulike former, og dét kan eg gjere, sjølv om eg ikkje har posisjonar. Og når me blir flinkare på dette, kjem nok også “promissory notes” meir i bruk, som ikkje kom på bordet i det heile sist.

Så: Fire innstilte spelarar, introscenario, dropp private Firms, og ha ei innstilling til spelet om at ting også må skje “utanfor” brettet, slik eg og Marius dreiv avisene våre og hadde store oppslag om “War Hero!”, “Disgrace!!” og andre framsidetitlar.