Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Railway Boom › Reply To: Railway Boom
Høgkvalitets togspel. Dette var gøy. Coverarten på boksen får deg til å tru at spelet er eit barnespel, men inni boksen er det auksjonar og crunchy valg som får deg til å grine. Spelet er relativt lettspelt og lettfattelig og kan nok lett bli ein klassiker om Rune tar det med innimellom.
—
Reglar, reglar, reglar…
Auksjonsmaksimum
Du kan som kjent ikkje by meir enn det som du har råd til. Reglane er også så strenge at du må ha ressursane av rett type når du byr på noko. Det vil sei at du må konvertere ressursar før du setter inn budet for å ha råd til budet (sjølv om det ikkje ender opp med at du skal betale alt til slutt).
Togkjøring
Du kan betale for togoperasjonen i seg sjølv med ressursar som du tener på å kjøre toget. Om toget ditt for eksempel gir deg kull, kan du bruke det til å betale for turen. Eg antar at du kan også konvertere ressurser underveis. Dette er i tillegg til at eit tog kan “finansiere” driften til togene som kjører etterpå.