Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Inferno › Reply To: Inferno
Fått kverna litt meir på spelet.Eg trur Dante gjekk litt tregare enn det kanskje burde fordi vi ikkje heilt forstod konseptet med «accuse» i starten. Når den mekanikken først fall på plass, gav fleire av vala meir meining.I tillegg trur eg hovudgrunnen til at brettet blei så fullt ikkje var at vi var fire spelarar, men heller Cerberus. Mange sjeler blei skremde heilt til enden av eit move i staden for å gå alle stega til sirkelen sin. Då måtte vi stadig legge ut nye sjeler i staden for å flytte rundt på dei som allereie var ute.Artig spel. Det blei kanskje litt mekanisk til tider, og noko av stemninga forsvann litt undervegs, men samtidig trur eg det kjem av at vi framleis er på oppdagingsstadiet. No som vi forstår spelet betre, trur eg flyten blir betre og at meir av det som gjer spelet spesielt kjem fram. Eg speler det gjerne igjen.