Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

#4827
Marius Blom
Participant

Artig spel.

Eg prøvde å få litt stemning i starten med litt fluff rundt fraksjonane. Den stemninga varte om lag éi runde før fraksjonane blei reduserte til «den fargen», «den mørkare fargen» og liknande. Det hjelpte heller ikkje at fleire av husemblema var ganske like. Eg klarte derfor ikkje heilt å leve meg inn i historia, og spelet blei fort meir mekanisk enn tematisk for min del.

Det var også veldig mange ikon, kort og effektar som ikkje var sjølvforklarande. Her måtte vi stadig innom oppslagshefta for å forstå kva som faktisk skjedde. Heldigvis var forklaringane stort sett gode, men det blei mykje blaing fram og tilbake. Eg skulle gjerne sett at det følgde med fleire eksemplar, slik at vi slapp å vente på tur for å lese.

Sjølve spelmekanikken var ganske rett fram og enkel å forstå etter den første runden. Det eg likte spesielt godt, var at det ofte føltest viktigare å gjere ting eg hadde lyst til (og tilgang til) enn å jage poeng. Poenginnteninga hamna ofte i bakgrunnen fordi det eg prøvde å få til føltest meir interessant der og då. Dette er god speldesign i mine auge, og eg håpar den kjensla held fram neste gong spelet kjem på bordet.

Eg var meir opptatt av å få ein form for motor i gang utan at det gjekk altfor gale med «oss». I starten prøvde eg litt av kvart, men etter kvart fokuserte eg meir på det fraksjonen min faktisk var god på, og det trur eg lønte seg.

Det var første gong spelet var på bordet for alle, noko som gjorde at speletida blei unødvendig lang. For min del var eg litt utlogga den siste timen. Samtidig trur eg dette er eit problem som blir mindre etter kvart som vi får spelet inn under huda. Eg trur også vi kan bli flinkare til å gå vidare når ein spelar berre har bonushandlingar att som ikkje påverkar vala til dei andre. Der stoppa det opp ein del.

Alt i alt hadde eg ein bra kveld, og dette er eit spel eg gjerne prøver igjen. Med litt meir erfaring trur eg både flyten og tempoet blir betre. Einaste praktiske innvendinga er at spelet gjerne bør på eit stort bord, det er mykje komponentar i sving, og det blei fort ganske rotete hos oss.