Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Revenant › Reply To: Revenant
Enig med begge! Det er masse Voidfall i dette, sjølv om det er av ein annan designer. I Voidfall var det slik at ein sette opp eit scenario, og det bestemte agressiviteten rundt bordet; ein kunne då gå for ein meir “pasifistisk”, lite krigersk runde, til ein som var rett i kamp og vill kamp med dei andre spelarane.
Slik ser eg også Revenant kan bli; avhenging av kva som skjer rundt bordet, kan dette spelet spelast på veldig mange måtar. Hadde eks. de andre starta å la “mitt” favoritthus bli målskjeve for Voidborn sine angrep, måtte eg gått ut og forsvart dei, angrepe Voidborn og køyrd ei heilt anna linje.
Det er full asymmetri i alle ledd, heilt frå starten, og spesielt etter korleis du byggjer opp skip og mannskap. Det var alltid noko “gøy” å gjere, og eg følte aldri eg hadde dårlege val; berre kjekke val. Det likar eg godt i spel, og Revenant er absolutt noko av det beste eg har spelt i år.
Kommentar til Reglar, reglar, reglar…
Tiebreak på tactics-tracken: Denne las eg feil; bra å få det oppklart.
Frigate upgrades: Dette lurte me vel ikkje på? Som du seier, står det jo på kortet kva “action” som utløyser effekten.Eks. Marius sitt Decontamination Chamber; har jo ikkje med fregatt å gjere (bortsett frå at tematisk blir det bygd eit slikt kammer på fregatten hans).
Kaptein-abilities og cadet-upgrades: Dette gjorde me jo også rett? Eks. min kaptein fekk berre utløyst sine eigenskapar når han besøkte Revenant. Me var litt usikre heilt i starten, men så fann me ut av det (igjen pga. ikonografien, som er ganske klar når ein “forstår” den).
Frigate som dropship: Dette gjorde me vel heller ikkje feil? Trur me spelte Fregatten heilt rett; om så som fighter eller dropship. Og at den kan brukast “fleire gonger”, er jo berre relevant om ein aktiverer Arkships eller tilsvarande som gir slik eigenskap (slik eg gjorde i første runde), men då er me jo ut i kjerna av spelet; at å bruke kombinasjonar med Arkships, Captain/Crew abilities, Captain-ranks-abilities, Frigate cards osv osv. let ein gjere masse rare (og gøye!) ting som “endrar” grunnreglane i spelet (slik som at eks. Marius kunne lande på okkuperte planetar osv).
Manouver og attack: Dette gjorde me jo også rett? Eg såg ikkje eksempel på noko anna. Men usikker om du har rett på det siste du skriv, at “Strafing er einaste flyttingen som kan skje midt i angrepet (med mindre det finnes kort som gjer underlige ting”? For det er jo veldig mange eigenskapar som gir ekstra movement, og sidan Strafe skjer rett etter du har øydelagd ein Voidborn, er det jo ikkje noko i vegen for å først skyte ned ein Voidbord, så Strafe til adjacent felt, og så bruke Maneuver, der du veldig ofte vil ha fleire movement. Men kanskje eg misforstod kva du meinte.
Eg trur eigentleg det einaste me gjorde feil, var første punkt; det med Tie Breaker (bortsett frå Marius som pressa inn Dropshipet sitt i ein allereie full sektor av skip, men det fann me jo også ut av).