Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › Hegemony › Reply To: Hegemony
Etter ny gjennomspeling har eg fått meir innblikk i korleis samspelet mellom arbeidar- og middelklassen, kapitalistane og staten fungerer. Eg har berre spelt som staten, og føler no at eg meistrar kortstokken og korleis eg skal tilfredstille dei tre andre og samtidig kvele dei med skattar og lågare lønningar.
Så langt verkar arbeidarklassen til å vere den skumlaste med demonstrasjonsr og streik. Kapitalistane kan slite veldig med skattar om den politiske agendaen ikkje passar dei.
Middelklassen trur eg oppdaga nye viktige vinklar på kva som er teneleg for å kunne vinne.
Spelet er interessant og turane er akkurat passe lange til at det går på fram og føles tilstrekkeleg.