Kvinnherad brettspelklubb › Forums › Spela våre: erfaringar og vurderingar › World Order › Reply To: World Order
No har me spelt gjennom for første gong. Eg var igjen USA.
Spelet flyt bra og på turen din får du alltid gjort noko som føles meir eller mindre fornuftig med ein bismak for alternativ du ikkje gjorde.
I starten av kvar runde bestem du om du skal ha fokus på innenriks, diplomati eller militær. Eg utforska brettet denne gongen med størst fokus på militæret. Ein kunne sjå at det var til «besvær» for Russland og Kina.
Heile kvelden gjekk eg med illusjonen om ein allianse med EU. Dette er meir ein psykisk lidelse i spelet.
Som USA må du halde på størst innflytelse i 4 regionar for å ikkje miste poeng under scoring. Eit slit.
Eg klarte å runde 100 poeng. Eg er stolt. Neste gong skal eg lære meg andre aspekt i spelet.