1812: The Invasion of Canada

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3763
    Sten Ole
    Participant

    I 1824 eller noko var det ein krig som ingen har høyrt om eller bryr seg om borte i Canada. Eller det var det Jarle sa, så då må me tru på han. Det at nokon har laga eit spel av denne angivelige krigen er nok ein indikasjon på at det ikkje berre er total løgn.

    Nok om krigen. Dette er eit ganske trivelig spel som fungerer litt om Axis and Allies på ein måte med 2 mot 3 spelarar. Men Kampsystemet er ikkje basert på 100 terninger mot 100 terninger. Det favoriserer heller allierte som slåss saman når antal soldater auker. For å sende soldatar rundt, bruker du kort, men du er begrensa til eit movementkort per runde per spelar.

    For å kompensere for overtalet med spelarar for Canada, har USA-laget litt sterkare kort og mønstrer på samme plassane for betre synergi. Canada sliter derimot med at soldatane mønstrer meir frå kvarandre som fører til problem med å konsentrere slagkraft. USAs store utfordring ligg også delvis i at soldatene mønstrer uendelig langt frå grensa.

    Noko som held spelet på skinnene og hindrer total dominans er at initiativ alltid går til laget utifrå i kva heimland slaget foregår. Det fører til at du ikkje kan effektivt kontrollere fiendlig land over tid. Alle slag på motsatt banehalvdel inneberer at du får ein volley med smerte før det blir din tur. Strategisk timing og koordinasjon er derfor sentrale for suksess.

    Spelet leverer på overraskelser, spesielt pga terningane. Det som opprinnelig skulle vere ein seierparade blir fort til at mesteparten av hæren din deserterer berre fordi terningar er terningar. Deretter sit eit par modige og dumme sjeler igjen som offerlam til motstandaren.

    Dette er eit bra spel med veldig streamlined mekanikk og relativt kort speletid. Om det er noko som held det tilbake så er det nettopp at det ikkje er stort og tungt. Eg trur me kan dra dette fram frå tid til annan, men ikkje nok til at me oppdager den “beste strategien”. Ideelt sett vil det vere variasjon mellom kven som er med og kva lag dei styrer.

    7/10

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.