- This topic has 3 replies, 3 voices, and was last updated 3 months, 1 week ago by Jarle Haktorson.
-
AuthorPosts
-
08/05/2019 at 01:03 #1872Rune HanssenKeymaster
120 minuttar med god mekanikk og variasjon. Akkurat passe mengd komponentar, interessant brett og artig mekanikk gjer dette til eit bra spel i sjangeren «do your best by the current available actions»
- This topic was modified 5 years, 5 months ago by Rune Hanssen.
- This topic was modified 5 years, 5 months ago by Rune Hanssen.
08/05/2019 at 09:51 #1875Sten OleParticipant– Kubetårn som styrer mulighetene til spelarane, kva actions du får lov til å gjere og kor mykje du får lov til å gjere den utvalgte actionen.
– eit to-trinns tetris-eventyr der du først må kjøpe brikkene og så legge dei ned på seinare tidspunkt.
– eit båt-race for å oppdage og erverve eiendom.
– tautrekking mellom ulike prioriteringar. Skal du gjere litt av alt? Skal du satse hardt på fokusområder?Moro eventyr som kombinerer poengsalat med usikre problem å jobbe rundt, ikkje minst motspelarane. Interessant å sjå at du kjem langt både med langsiktig satsing og med å la kubetårnet lede deg etter nesa.
18/06/2024 at 23:23 #4150Sten OleParticipantKjære Amerigo
Du var ikkje heilt gløymd. På tross av at du er pryda med namnet til myrkets fyrste, Stefan Feld, nådde du nok ein gong bordet. Vi pusla saman brettet ditt og trengte berre gjere to justeringar for å følge reglane. Vi heiste opp tårnet som aldeles ikkje er plagiert frå Shogun. Vi måtte lesa litt reglar, men det tok ikkje lenge før vi var i gang.
Eg mimrar om gamle dagar då me spelte deg. Me koste oss ute i øyriket. Me satte båtane i land og laga trading posts med full fridom. I samarbeid gav me sivilisasjon til verden. Unyttig villmark blei bytta ut med fruktbar industri som kan forsyne gamle Europa. Vi deler likt på godene, og alle får mange poeng i vakkert fellesskap.
I dag viste du ditt sanne ansikt. Du frista oss med skatter, men du hadde ikkje nok til alle. Delingskultur blei bytta ut med grådighet. Øyene var stengt for gjester før dei eingong blei navngitt. Om det var fleire plasser å legge til kai, var svermar med båtar raskt på plass. Bulldozerar hasta seg til motsatt side av øyer kun med hensikt å ruinere landskapet og gjere det utilgjenglig. Dyrkbar mark blir med kløkt avgrensa av taktisk plassert men elles kunstig motiverte bygningar. Og tårnet ditt som tidlegare hadde gitt eit mangfold av valg gav no gong på gong actions som me ikkje ønskte oss. Piratane dine som skulle ha holdt oss litt i sjakk var tannlause og lett bestukke. Du lo av oss då me hjelpelaust krangla om det vesle som var igjen.
Kva tid blei du til ein ondskapets skule? Eller var du alltid slik uten at vi visste det?
28/06/2024 at 21:25 #4158Jarle HaktorsonKeymasterEg har aldri prøvd dette, men tilbakemeldingane frå Sten Ole er så godt skrivne at det fristar. Veldig bra, Sten Ole!
-
AuthorPosts
- You must be logged in to reply to this topic.