Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #4398
    Sten Ole
    Participant

    Andromeda

    Eg sitt skjelvande seint på ein onsdagskveld. På tross av dets digitale form var det kryptografiske manuskriptet like altoppslukande. Eit hugg gjennom virkelighetens slør og over på det perverse, det uhyggelige, det umulige. Piktogrammene held meg våken. Søvnen er ikkje lenger ei mental frihavn, men heller ein plass å legge meg åpen for galskapens kile som presser mot den knuste sviktande sprekken i sinnet. Det var bare ein skjerm-utskrift, enkoda med 0’arar og 1’arar til ein ordinær pdf-fil. Men essensen til skrifta hadde heimsøkt PCen, lik det same småkrølla svette papiret eg hadde hadde i mine egne hender denne kvelden. Også det, ein kopi, men der var farane meir openbare.

    Manusskriptet var direkte oversatt til engelsk, opprinneleg funne av brødrene Laurie, to menn med meir visdom enn meg. Dei skjønte makta på det dei hadde funne, men også den ruvande katastrofen dei hadde i hendene. “Acies Andromedae: Praecepta de Fabula” var tittelen. Amerikanaren Jason Harris hadde tatt på seg jobben å bearbeide dette eksotiske og sjeldne funnet. Han blei visstnok halvferdig før an forsvant etter sigende, sporlaust forsvunne frå ein heim henlagt i vanstyre og rot, veggare og golvet skribla på med alt som kunne skrives med, malt over før prosessen pågjekk vidare igjen og igjen. Store delar av bygget var strukturelt på eit umuligvis knust innenfra som om inventaret hadde blitt sugd brutalt mot veggen og deretter strødd utover. Den medfølgende organiske massen og lukta som samanfiltra dette fenomenet var mystisk og uhyggelig. Forsvinningen og omstendighetene rundt blei aldri etterforska eller forklart. Oversettelsen var langt frå komplett, men dei djupe trådene var translatert. Noko hadde openbart seg for oversetteren, eit budskap eller oppskrift, ein sannhet, eit vesen. Manuskriptet kom ut som eit hybridifisert grotesk syntese mellom moderne engelsk og noko anna meir gammalt og fremmed. Det latinske språket, eit svakt men signifikant beskyttelse for den gemene mann, var totalt utradert frå nyskrivingen. Og døra til undergangen var sånn sett opna litt vidare på gløtt. Etter det gjekk arbeidet vidare til fleire, men denne gangen under strengare overvåkning og instruks. Dei skulle berre ferdigstille verket, reinskrive setningane, la diagrammene stå som dei var. Men også dei falt i tjenesten, men fortsatt med livet i behold, om det kan kalles liv. Skjebner tapt, ikkje bokstavleg, men forstanden var oppbrukt, det psykiske balansepunktet sakte vridd i filler av uskyldig bokstav etter bokstav. Alt som var igjen av språket deira låg i sidene nå, evig bundet til tingen, vesenet. Opplaget av hefter var enormt og blei distribuert som eit spel, først gjennom lukka isolerte grupper, men populariteten kunne ikkje stoppes. Mørketala er nok heilt utenkelige.

    No sit eg her, på kanten til å bli eit nytt offer for min eigen besettelse. Minnene frå kvelden var difuse, til tider. Men plutselig blir eg av og til dradd tilbake til dei timane på Sunde som om eg er der, her og no. Ikkje eit minne men som om eg er der i den mjuke gråe stolen, rundt det store runde bordet. Men noko er galt. Det summer i veggane. Lysrøyrene dirrer. Det sparker frå kjøleskapet. Colaen er seig som honning. Bitter, stram. Nei, det er ikkje colaen. Hendene mine holder tekstheftet. Det lyser utenomrordisk asurblått. Fargen sitter igjen på fingrane. Blekket er gjennomsylta av same stoffet dei fant heime hos Harris. Hadde dei brukt det i blekket? Var dei galne? Lukta. Det er kvalmande. Heftet lyser mot meg. “Andromeda’s Edge”. Jarle sit rett på tvers meg ved bordet. Han spiser eit plast-romskip som om det er ein kjeks. Blikket hans er tomt. Marius fortsetter same spørsmålet: “Er dette definert som eit skip?” Han har spurt det før, uvisst kor lenge uten at eg har svart han skikkeleg. Han overdøver skapningen på bildet nederst på side 22. Han prøver å seie noko til meg. Det er noko viktig. Beskjeden kveler meg. Eg prøver å bla om, men jo meir eg blar om jo meir er eg på side 22, jo høgare er beskjeden. Eg kjenner på kroppen at det holdet på å skje. Eg griper event-knotten, prøver å holde igjen. Skapningen på side 22, han prøver å sei noko om eventet. Han advarer om eventet, nei, han gleder seg. Event-tokenen drar seg i klokkeretningen mot 12. time. Eg bruker all makt for å holde igjen. Bordet begynner å vrenge seg unaturlig innover mot eventbrettet. Dimensjonane splintrer seg og eg ser bakover og forover, før eventet. Eg ser skrifta på veggen til Harris. Eg er der. Det er same skrifta som i heftet foran meg. Skapningen på side 22 viser meg vegen mellom frasane. Han oversetter konseptene, gjer om frå engelsk til… det andre. Eg forstår litt. Harris står der med eit vilt blikk og stirrer på meg. Samtidig ser eg framover utover eit landskap eg ikkje kjenner igjen. Mørkt, men skarpt lyseblått samtidig. Den kvalmande lukta er overalt, skapningen på side 22 er her. Han er… NEI! Dette er verda etter eventet skjer innser eg. Event-brikken glapp, og her er eg. Nei, her kjem eg til å kome. Det er ikkje for seint. Beskjeden kjem igjen. Ikkje ein beskjed i det heile. Ein slags melodi laga av lukt og vemmelse. Men eg forstår meir, kan synge med, frå side 22, men med andre ord fordi sangen lyger. Og himmelen er annerledes nå, samme blåfargen. Det er ikkje for seint ennå. Om bare. Event-brikken glipper plutselig. Eg hiver meg etter for å stoppe han. Det kan ikkje stoppes. Ikkje no lenger. Men det må stoppe sjølv om det allerede har skjedd. Bordet vrenger seg heilt rundt over inni seg sjølv. Det er for seint. Eg ser Harris stirre. Sangen blir dystrare med skjær av blått. Eg leiter febrilsk gjennom heftet etter strofa som trengs. Kor står regelen for å lukke heftet? Side 22 gir ingen svar. Eg må improvisere. Eg viser heftet til Harris. Augene hans blir som iskrystallar mens han leser. Det virker! Og forvrengningen forflytter seg tilbake i tid, vekk fra Sunde og heim til Harris, og det er først då Harris får frykt i augene. Han skjønner nå, han òg. Beskjeden. Side 22. Rommet Harris står i, kollapser rundt han. Han har ingen rømningsveg utenom innover til det blå, det uhyggelige, til… NEI!… Eg sprerrer tankane mens Sunde nesten igjen sklir inn i avgrunnen igjen, heilt på randen. Eg ser Harris sine is-auger stirre inn i same uendeligheten som eg ser. Eg griper rundt meg, klar for å møte skjebnen igjen om Sunde igjen glipper. Ein is-token av papp kjem mellom fingrane. Ein jordleg brettspel-token får alt til å slå seg på plass. Synet går tilbake og eg er igjen på ein plass. Bordet er flatt og rundt som det skal vere. Harris. Sugd inn i…

    Hjernen stopper heilt opp, og eg griper hardt rundt is-tokenen til angsten slipper. Eg sit heime foran PCen, minner eg meg sjølv på. Det føles ikkje heilt ekte. Eg ser ned i handa mi. Is-tokenen er vekke, som gjer at alt er i tvil. Skjermen flimrer foran meg. Side 21…

    Ja, og forresten, Andromeda’s Edge er bra.

    Reglar, reglar, reglar…

    Sebra-tokens
    Me må nok fiska tokenane ut av søpla igjen. Det er noko som heiter Mechaphage tokens som høyrer til eitt av eventa.

    Raider-korona-meteren
    Bare ein klasse av raider får lov å vere på same plass samtidig. Dette er såvidt eg veit utan unntak.

    Antal månar
    Det skulle i teorien ha vore nok månar til alle planetane i spelet, så det er litt mystisk at vi ikkje hadde nok på slutten av spelet. Kanskje vi la feil farge på ein av planetane. Vi kan telle månane for å sjekke om alt er med.

    Gratis prototypeskip
    Når du oppgraderer eit skip og du ikkje allerede har bygd skipstypen frå før, gir julenissen deg eit heilt gratis romskip av den typen.

    Event-stage disiplin
    Når eventkortet køyrer er det generelt sett ulovleg å bruke taktikk-kort, faksjon-abilities, free actions og liknande aktive ting.

    Battlekort
    Raude battlekort gjeld generelt berre dersom du er ein aktiv part i ein battle.

    Modul-refill
    Modular blir refilla etter kvar “action”. Men! For eksempel å kjøpe to modular via ein av alliansebasane blir rekna som ein “action”.

    Andre bagateller som vi ikkje fant
    – Det kan bli kamp mellom to andre spelarar/raiders i den aktive regionen sjølv om den aktive spelaren har rømt åstedet før kampen.
    – Ein kan ende opp med å få ein måne når det ikkje er din tur. Det er lov å hive ein måne for å gi plass.
    – Alle taper når det blir fullstendig uavgjort i ein kamp.
    – Ein raider er eit skip, det er også ein “opponent” dersom det ikkje blir insinuert noko anna og kan gi måtte gi ressursar akkurat på lik linje med menneske (Raiders are people too).
    – Kva som står på facedown raiderkort som er “public information”.
    – Du kan ikkje få fleire discovery tokens eller supremacy tokens etter den siste turen din i spelet.
    – Om du reparerer men det er ingenting å reparere, får du 1VP. Du kan ikkje la ver å reparere andre ting først.
    – Du kan ikkje bruke ein repareringsmåne i taps-plassen til å reparere skip på veg til scrapyard.

    Andre bagateller som vi fant
    – Supremacy og discovery tokens kan brukes som free actions.
    – Nå du får ein Discovery token får du leite i stacken, ta ein og legger igjen resten.
    – Dei grønne modulane blir alle aktivert samtidig av primary generator.
    – Energy, tactics-kort og penger er også ressurser som kan brukes til å betale spørjeteikn-symbol.
    – Du har lov til å stokke om brune modules, men mister månen dersom du bryter månepluggen mellom to modular.
    – Endgame-modular kan aldri aktiveres.
    – Skjold blir fylt på igjen på skip når dei kjem heim eller når på raiders når dei kjem friskt tilbake.
    – Hand limit på kort startar på 5.
    – Me sjekker om me har for mange ressursar berre på slutten av turen vår.

    #4401
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Skremmande spel i starten, men forståeleg etter ein kveld (lang sådan). Litt Manhattan Project + Feast for Odin der maskinen din startar når du «går heim».

    Kampsystemet er som eit falskt scenesatt juks. Det burde kallast noko anna – til dømes «Amcartreff med premiar».

    Utvikling og actions er interessant. Ein får planar og blir som regel ikkje hindra i å nå desse. Kan hende dette endrar seg etterkvart som ein kan spelet betre. Folket ein styrer er sære nok til at ein spelar ulikt frå gong til gong. Solid spel.

    #4402
    Sten Ole
    Participant

    Etter ein kort konsultasjon med Jason Harris og 2 middelmådige resultat i spelet, er eg klar med ein endeleg konklusjon.

    Som Rune påpeiker er kampsystemet eit stort bedrag. Intuitivt burde det lønne seg å vinne i kamp, men økonomien i spelet er derimot lunefull. Det kan vere vel så bra å tape. Ein god tapsmåne gir 2 ressursar, men du taper eit skip som seinare ikkje kan returnere og jobbe på ein modul. Denne modulen gir kanskje 2 ressursar på ein god dag, men ofte mindre. For å komplisere reknestykket gir skipsaktivering mulighet til å bruke energi mot modulaktivering, så på eit visst tidspunkt går spelet frå å belønne tap til å straffe seg. Det beste er egentlig å slåss med skip som er utstyrt med skjold siden dei kan tape og i tillegg gi deg modulaktivering. Vinn vinn. Foreløpig er reknestykket ganske jevnt. Med berre eitt skip i potten er det låg risiko siden forskjellen på tap og seier er minimal.

    Problemet skjer når du gutser inn i kamp med mykje om gongen. Du trur du gjer det skarpt med å dreie sannsynligheten i din favør. Men alt som egentlig har skjedd er at du har gjort at du taper mykje meir dersom du taper kampen. Du har i tillegg svekka posisjonen din på kartet siden du ikkje har valgfrihet når neste skip skal sendes, og developments kan du berre gløyme. Om du i tillegg sender inn alle skip i kamp risikerer du at du ikkje får aktivert dei grønne modulane eingong. Då er du ille ute. Den feilen har eg gjort fleire gonger no, og aldri igjen.

    Ellers kan me gjere andre observasjonar som at tracks er det som gir opphav til mest poeng. Måten du får mest trackbevegelse er å kjøpe modular. For å kjøpe modular må du ha ressursar som du får ved å ha kjøpt modular før. Poengsystemet oppfordrer deg derfor til å lage modular som ditt hovedfokus. Du kan gjere andre ting, men om du mister kompasset ditt og begynner å ha det gøy, er du ille ute. Ein liten anna ting er at taktikk-kort er den desidert beste ressursen siden den ofte gir deg meir verdi enn ein ressurs.

    Eg har veldig lyst å like Andromeda’s Edge mykje, men eg ender opp med å respektere det meir enn eg er i gledesrus når eg speler det. Trackane gir meg eit hint av av Stonemaier Games-følelsen. Økonomien og kampsystemet gir eit kombinatorisk Lacerda-pingpong-følelse der gevinstane og motivasjonane er fråkopla frå den tematiske realiteten. Spelet oppfordrar til å optimalisere action-rekkefølge for å tyne ut kvar dråpe med nano-carbon. Du svinger sverdet ditt berre for å bli møtt med Blood-Rage-nissen som speler ein Loke-strategi. Spelet er ein kombinasjon av mange gode, men på mange måtar ekle og avskyelige (men godt designa) mekanikkar.

    Spelet er gøy, men er i mine auge ikkje gøyare enn andre spel med andre tilnærmingar til romskip-land eller andre settingar med halv-krig.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.