Antiquity

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #1793
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Bærekraft er stikkordet her. Sivilisasjonsbyggjing som oftast endar i ein dødsspiral. Greie reglar, tusenvis av chits og vanskeleg spel. Du gjer ditt beste og foldar hendene til helgenane i håp om å ta seieren, medan du i søkk og kav administrerer husbygging, forsøpling og krepering. Kjekt spel for den som likar å bygge samfunn der prosperity-grafen oftast går nedover.

    Antiquity 1

    Antiquity 2

    • This topic was modified 2 years, 5 months ago by Rune Hanssen.
    #1798
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det sakna huset er funne etter ein kvalitetsjekk på pappflaka. Dette er andre gongen eg fumblar med dette ?

    #1799
    Sten Ole
    Participant

    Har ikkje vore borti eit liknande spel før. Spelet set deg i konstant ressursknapphet mens det sakte kveler deg i din egen smog og fortapelse.

    Det eg har lest frå dei meir erfarne på bgg er at spelet blir spesielt vondt når meir enn 1 eller 2 spelarar velger exploration i starten. Erfarne spelarar velger også vekk å bruke exploration fordi dei meiner det er katastrofalt å finne samme ressurs to gonger i starten.

    Interessant å sjå korleis smerten av rovdrift på kartet fordeler seg på samtlige spelarar.

    #1804
    Sten Ole
    Participant

    Test 2 gav eit heilt anna bilde av spelet. Famine-nivå på bunn førte til at plassnøden var borte og det utarta seg meir som eit klassisk engine building/area control spel.

    Spelet vil vere litt nybegynnerfiendtleg fordi tidlege handlingar gir føringar for korleos det går resten av spelet.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.