Arkham Horror, the Card Game

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #1034
    Sten Ole
    Participant

    Rapport fra kvelden Rune ødelagte bilen min…

    ARKHAM HORROR, THE CARD GAME

    Oppsummering av gjennomspeling
    Sten Ole og Rune spelte gjennom Night of the Zealot-scenarioet. Det var litt plunder med å lage til kortstokkane til investigatorane så av latskap blei det laga til semi-random kortstokkar til gjennomspelinga. Dette førte nok til at ting ikkje var heilt som dei skulle, men me fekk testa ut hovedmekanikkane uten store problem. Scenariet blei beseira.

    Inntrykk
    Spelet hadde mykje flavour-tekst uten at spelet blei ødelagt av for mykje lesing. Det er ein del symboler som må læres for at spelet skal gå lett for seg. Manualane var ikkje godt egna til å finne svar på spørsmål me hadde underveis. Likevel hengte spelet godt saman når me først skjønte reglane. Appellen i spelet ligger nok i å spele fleire scenario som del av ein campaign eller som eit deck-building game der spelarar optimaliserer kortstokken sin.

    Kortstokken
    Noko me med noko overlegg gjorde feil var å bruke feil kortstokk. Litt av “smaken” i spelet skal vere at me har kortstokkar av ulik karakter. I ein campaign skal kortstokken bare bestå av level 0 kort (som var markert ved talet som viste ressurskostnaden på kortet) og uansett så må kortene vere av ein type som investigatoren kan ha. Reglane for det står på baksida av investigator-kortet.

    Campaign
    Når spelet speles som campaign går kvar investigator experience som holdes styr på. Mellom scenarier kan nye kort kjøpes for experience. Level på kortet angir pris. Kort finnes i fleire utgaver av ulik styrke. Desse kan oppgraderes ved å betale mellomlegget. Når eit kort kjøpes, må eit kort kastes ut av stokken.

    Trauma
    I tillegg vil det i ein campaign skje at investigatoren “dør” av skade eller horr
    or i eit scenario. Då får investigatoren 1 permanent skade av den typen som ein starter med vidare i campaignen.

    Siste kommentarar

    • Morsomt 2 player-spel som blir bedre så snart reglane sitter
    • Generelt litt vanskeleg å implementere som brettspel-klubb-spel siden spelekvelane som regel består av 3-4 spelarar.
    • This topic was modified 3 years, 4 months ago by Sten Ole.
    #1037
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Det er mogleg å arrangere «2-player nights»! Har vore på tanken fleire gonger, men det er veldig få som kan spel rekna for to.

    Uansett så er Arkham Horror the card game eit godt eksempel. Cthulhu-stemninga er der og etter vår speling får eg lyst å utforske fleire delar i denne serien.

    PS! Korleis gjekk det med dei Cthulhuide lydane i bilen din?

    #1042
    Sten Ole
    Participant

    Ulyden i bilen kommer og går. Fortsatt ikkje godt å sei kva det er. Alt ser fint der under, men litt rustent of falleferdig. Men lyden har tydelig samanheng med belastning på det eine hjulet framme.

    Eg er ikkje redd for å kjøre med bilen, så eg kan likevel vere eit sjåføralternativ (sjølv om kanskje eg ikkje bør vere førstevalget).

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.