Atlantic Chase

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3760
    Rune Hanssen
    Keymaster

    AC

    #3761
    Sten Ole
    Participant

    Velkommen til Atlantic Chase. Eit spel som omhandler 2. verdenskrig til sjøs med fokus på overflatefartøy og krigståke. Spelet utspeler seg i eit tenkt hovedkvarter der informasjonen du får inn er usikker, forsinka og usynkronisert. Ordrene du sender ut er på samme måten usikker, forsinka og usynkronisert. Så resultatet er at brikkene på brettet er eit slags beste gjetning på kvar ting er og skal. Dette gjeld for eigne skip og for motstandaren sine skip. Du sit derfor i spenning og håpar at skipene dine kjem fram der dei skal mens fienden bommer med sine ordrer. Du utnytter usikkerheten og vêret når du kan til å unngå trefningar med kraftigare skip mens du peiler inn søker svakare mål til sjøs.

    Spelet skjer gjennom seriar av actions som du kan fortsette med til du mister initiativet eller du villig gir det frå deg. Situasjonen på brettet dikterer kva du prøver å oppnå. Vil du ha kamp, eller er du desperat etter å snike deg forbi det tilsynelatande ugjennomtrengelege forsvaret? Så er det opp til deg å sno trasseane igjen og igjen anten for å auke fog of war til du er nærme nok til å gutse i mål til trygghet, eller for å peile inn og gjete byttet ditt til trefningar på sjøen der etter kvart du senker målet ditt.

    Skal du spre styrkane dine? Eller samle dei? Du trur du har overtak, men om du kjem for nærme fiendtlig kontrollert kyst, er du plutselig sårbar for flyangrep. Og så er plutselig dei mektigaste krigsskipene dine skada, så dei duger lite i kamp og beveger seg i sneglefart. Før du veit ordet av det, er det du er som musa som desperat prøver å komme i havn. Om du er litt for dristig i jakten, lager du lett opningar for byttet til å snike seg forbi til trygghet.

    Spelet har eg testa litt solo og scenariene her var greie til å lære reglar, samt at dei gav litt flavour som grunnsystemet ikkje støtter som f eks at nokre av fiendens taskforcer er ukjente. Men AIen til motstandaren i denne modusen er også ikkje alltid 100% optimal, men det er heller ikkje idiotiske ting han gjer.

    På denne siste skjebnesvangre aftenen, testa eg og Rune eit 2-player scenario med litt nybegynnerpolstring. Scenarioet var før krigen og derfor hadde me store begrensingar i rules of engagement. Eg, som Tyskland, prøvde å smugle eit passasjerskip frå New York til Tyskland før den britiske marinen kunne borde og konfiskere skipet. Eg la ein defensiv kurs langs Grønnland for å utnytte stygt vêr. Hitler gjorde dessverre ikkje jobben min enkel. Invasjonen av Polen skjedde før det skulle. Og plutselig var krig på sjøen eit faktum. Bombefly kom inn frå England og bomba det som var av forsterkningar i dei tyske havnene. Og Churchill gav også ordre om å sende fly for å torpedere passasjerskipet som engelske skip hadde klart å finne posisjonen til. Det relativt raske passasjerskipet blei truffe og tok inn vatn. Farten var grovt redusert. Alt såg håplaust ut. Flåten til England omringa det enslige skipet. Så kom uvêret. Og England hadde latt Nordsjøen stå ubevokta. Det var ein sjanse! Skipet Bremen kjørte motoren for fullt med kurs mot Kiel. Men mot alle odds blei skipet observert og måtte snu. Den nye destinasjonen var Murmansk til ei teoretisk trygg havn om Stalin var i godt humør. Stormen i Nordsjøen var det perfekte dekket. Skipet runda Hammerfest, men nok ein gong hadde kryssarane i den britiske marinen klart å finne skipet på tross av den elendige sikten. Løpet var kjørt då dei moderne skipa raskt nærma seg. Kapteinen på Bremen signaliserte resignasjon med signallampen og forberedte seg på eit uønska ferieopphold i England.

    Eg synst dette spelet er gull. Og reglane er relativt tamme til GMT-spel å vere. Men som eg har sagt tidlegare: Eg er så håplaust inhabil i alle vurderingane av dette spelet.

    #4240
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eg trur eg likar spelet. For eg likar jo GMT sine spel og dette er ikkje komplisert, sånn eigentleg. Men det var vanskeleg å “vri hovudet rundt”, om det er rette uttrykk. Altså “forstå” det. Eg forstod ikkje alt eg gjorde, men det gir nok meining neste gong; då ser eg også for meg at eg forstår brikkene, konseptet, og ei speletid på rundt halvannan time eller så. Eigentleg sånn greitt “ventespel” kanskje, om nokon kan møte tidleg og vente på resten. Men då trur eg komponentane må sorterast i eit skrin med små luker eller noko først, for det tok hundre år å finne alle dei rette båtane i setupen.

    #4241
    Sten Ole
    Participant

    Organiseringsmessig er det forbedringspotensial, ja. Kanskje eg kan kjøpe eit par gmt-brikke-skrin via meeplegalaxy.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.