Border Reivers

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • Author
    Posts
  • #3978
    Rune Hanssen
    Keymaster

    Br

    GMT-forsøk på Eurospel. Ein del fluxx med terningane, men likevel ganske jamn poengscore. Mykje snusk mellom linjene i dette spelet. Kanskje ein regelrens vil få vekk ullsmaken.

    #3979
    Sten Ole
    Participant

    Eg synst dette var eit litt underleg spel. Me slåss for sau og ære(?). Poengene renner inn og det er litt vanskeleg å forstå kva spelet oppfordrer deg til å gjere. Etter regelrensk er eg litt klokare og trygg på at det er ein intensjon bak ideane til spelet.

    Eg synes spelet er ein fisk inni ein ulvepels inni eit saueskinn. Det er kledd som eit GMT-spel med alt som høyrer med. Men så innser ut at at det er euromekanikkar med VP-sanking som ikkje heilt gir meining på anna måte enn som eit spelespel. Men analysespelaren innser snart at dette også er fullt av take-that og terning-bonanza som gjer analysen i stor grad irrelevant. Det er eit popcorn-spel. Eg trur nøkkelen til å nyte det er å stige inn i støvlane til Johnnie Armstrong som med stort sett ærlige hensikter tek ein snartur over grensa for å minne Dacre-grayne’en på at Maxwell ikkje har gløymt kva som skjedde i fjor, og å halde seg langt unna sauene du redda fra Kerr-fantane i aust.

    Reglar, reglar, reglar…

    Queen Mary
    Legg så mange terningar på kortet som det står. For kvar kamp, kan ein speler ta maks 3 av desse for rerolls.

    Rerolls
    Du får ikkje lov til å ta rerolls frå ulike kjelder i same kamp.

    Compute Combat dice
    Egentlig skal opptelling av terningar skje på alle kampar før det blir utført kampar. Dette er fordi etter-effektane av kamp ikkje skal endre terningøkonomien. Dette betyr også at ein del kort berre må ligge rotete rundt omkring for å vise kvar på brettet ting skjer. Dei som har fleire defensive kampar vil ha meir å holde styr på.

    Raid i debatable land
    Du får ikkje cattle frå debatable land (men du får VP for cattle hits).

    Bekrefta: Target card til feud/gaolbreak
    Du kan gå kvar som helst på kartet.

    Determine order
    I turn 2 og 3 skal du ikkje oppdatere spelerrekkefølgen etter første kamprunde.

    Poeng i kamp
    Jo, du kan få uendelig poeng fra alle typar kamp, sjølv om det ikkje er fleire fangar å redde, sauer å låne, kveg å stjele, kubar i feidesystemet.

    Feide
    Etter å ha rekna ut feidepoeng om til terningar fjerer du alle feidekubane. Alle poeng tjent på angrep skaper derimot nye feidar. Så det blir neppe langsiktig fred.

    Tvil
    – “Any March” betyr av og til ikkje alltid “any March”. Det finnes enkeltunntak som ikkje er så lette å generalisere. Dette gjeld hovudsakleg for battles og Debatable Land.
    – Nokre av dei meir kryptiske korta er kryptiske pga trykkfeil. Det er dessverre også feil på visse target-kort.

    #3983
    Sten Ole
    Participant

    Feide rettelse
    Liten Korreksjon angåande feide og feidekubar. Kubane går fortsatt vekk når du gjer dei om til terningar, men einaste vanlege måten å få inn nye kubar på er å stjele sau og kyr med raid.

    Ok, så no har eg fått sove litt på erfaringen, dobbeltsjekka reglar og blitt litt meir klok på dynamikken i spelet. Og eg trur spelet blir litt betre når ein ser kva som skjer under panseret på spelet. Eg trur ein svakhet med spelet er at i alle fall første gongen du speler, så ser du at du kan angripe kor som helst på ulike måtar men det er uklart kva som gjer eit angrep betre enn eit anna. Du ender kanskje berre med å gjere tilfeldige angrep og drafte halvtilfeldige kort om sommeren.

    Eg trur kanskje spelet er enklare dersom ein klarar å lese spelsituasjonen. Å vite kor du og andre står sterkt handlar om å sjekke kor ein ligg høgt på notoriety saman med kor det er mange sauer/kuber som er til stade. Dette er sannsynlege plassar som blir angripne eller som du sjølv bør vurdere å angripe. Kombinasjonen av mange angrepsterningar, lite forsvar og stor forteneste gjer desse angrepsvalga opplagte.

    Ut frå dette kan du prioritere å spisse angrepene dine med å ruste opp tableuet ditt eller å samle notoriety-kort og angrepskort. Eventuelt kan du investere i forsvar ved å trygge sauer, bygge borger, ansette ein warden, booste notoriety heime. Eller du kan investere i kort med langsiktig virkning.

    Target-runden er også interessant fordi dersom du er sein i rekkjefølgja må du passe på at target-kortet ditt ikkje berre har ein einaste plan som blir øydelagt om andre har ein lik plan. Korleis folk deler ut notoriety burde også seie litt om kva slags planar dei har.

    Victory points trur eg du skal tenkje lite på før siste omgangen i spelet. Om du gjer kloke valg, så kjem sikkert poenga av seg sjølv.

Viewing 3 posts - 1 through 3 (of 3 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.