Circadians: Chaos Order

Viewing 1 post (of 1 total)
  • Author
    Posts
  • #3917
    Sten Ole
    Participant

    Dessverre kom eg ikkje på å fotografere.

    Spelet er, som eg tidlegare har sagt, langt nede på plass ca 2500 på BGG, men eg hadde gode forhåpningar basert på det eg har sett på nett og det produksjonsselskapet har gitt ut før. Temaet er litt tynt forklart at vi er på ein planet med menneskeaktige aliens som i utgangspunktet er snille men lokalt er det krig om Relics i eit lite geografisk område. Det er 4 alienraser, 1 menneskerase og 1 robotrase. Grafikken er elendig på ein herlig måte. Speletid er ca 3 timer. Opplæring over 30 min.

    Spelet foregår på eit hexgrid over 6 runder. På kvar runde set alle ein pris på ein av actiontypane. Så skjer kvar actiontype i tur og orden der den som set prisen får gjere actionen sjølv gratis og alle andre betaler for å gjere same action eller å skippe det. Dei tidlegare actiontypane handlar om forskning og å bygge ressursmotorar. Dei siste handlar om mønstring og bevegelse. Etterpå blir det krig der spelarar står på same plass.

    På slutten av runden vinner spelaren om han kontrollerer alle Relic-ane som står igjen på kartet. Om det ikkje skjer så forsvinner ein av relic-ane og spelet fortsetter. Samtidig har alle ein sekundær veg til seier som er forskjellig frå kvar av rasane. Denne alternative seiersmåten blir veldig relevant om ein ikkje passar på å gjere det vanskeleg for dei.

    Spelet overraska på mange måtar. Eg hadde sett for meg total krig, litt som med Kemet. Men p.g.a. rundestrukturen handla spelet mykje om å forvalte ressursar på ein taktisk måte slik at ein fekk gjort det viktigaste eller ein satte press på andre. Kartet var oppbygd på ein geografisk interessant måte slik at ein har kort veg til alle, men at ein likevel må rundt fjell eller gjennom fiendtleg omgivelsar for å nå fram. Du kan for eksempel flytte gjennom andre sine styrkar så lenge du set igjen soldatar tilsvarande talet på fiendtlege soldatar. Spelet er i konstant spenn mellom å belønne tynn spedning av styrker og å bygge opp konsentrerte drapshærar. Kampane bruker eit kamphjul-/taktikkkort-system som gjer at utfallet er litt uvisst. Kamphjulet tillater også at ein flykter og forflytter styrkane til andre kamp-arenaer på samme runden. Dette kan snu opp-ned på ein uheldig movementfase. Det er eit taktisk meisterverk.

    Rasane har eit særpreg der ikkje berre verktøyene dei har er unike, men også at dei laga ein spesiell type trussel i form av sekundærseiersmålet. Dette danna fleire dilemma som var herlege å slite med. Myr-rasen har fri tilgang til mykje at brettet og bør ikkje få sitje urørt for lenge. Forskerasen må ikkje få lov til å bygge bre seg utover og bygge motor og forsvarsverk. Ubåt-rasen må ikkje gis lette mål langs kysten. Headhunter-rasen må møtes med folk i grå dress og utan personleghet til du er klar til skikkeleg krig. Skade-rasen som berre vil alle vondt og air-mobile-infantry-rasen stod utbrukt igjen i eska.

    Min konklusjon er at dette spelet er kjempegøy på ein puslete måte. Det er ikkje eit episk spel der ein får ro til å byggje ting i fred eller lagar alliansar som varer meir enn eit minutt. Du må gutse og gamble og krysse fingrane mens du teller på ressursar og gjetter på kva andre spelarar synes er viktig, og heile tida ha kontroll på kven som er først og sist fordi spelerrekkjefølgja, og derfor også bordplassering, har mykje å seie. Spelet er ein klassiker i mine auge sjølv om eg normalt likar betre spel der ein kan diplomatifisere seg til fordelar.

    Kritikk kjem til slutt for å bringe ned alle forventningar:
    – Litt lang instruksjon for å kome i gang.
    – Mindre gøy om du ligg an til å tape mot slutten og dei sterkare spelarane ikkje utarmer kvarandre.
    – Litt vanskeleg å ha oversikt over kva dei andre kan få til.
    – Kamphjul-faceoff er litt antiklimaktisk når det allereie er klart at eine spelaren skal flykte eller forsvarer seg med berre eit skur.
    – Blir litt rotete når du skal ha 30+ meeples på ein hex.
    – Det er litt krise å miste ein helt siden det koster ein del å få han tilbake.
    – Nokre kort må leses meir enn ein gong for å forstå kva dei gjer.

Viewing 1 post (of 1 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.