Jarle Haktorson

415 54 544

Email

post@brettspel.no

Spelekveldar

Me brukar SPOND

Kvinnherad brettspelklubb Forums Spela våre: erfaringar og vurderingar Clash of Cultures (Monumental ed.)

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • Author
    Posts
  • #3366
    Jarle Haktorson
    Keymaster

    Eit av dei betre Civ-spela. Her er det utforsking og oppdaging, utvikling og underhaldning. Eg valte Hellas; deira spesialutviklingar gjekk på det politiske. Eg valte så ein leiar som var god på byutvikling, med planar om å skifte ut med ein militærretta leiar litt seinare i spelet. Eg oppdaga havet i sør, og grunnla ein liten by og ei havn der. Den låg båtlaus ei god stund, for eg sleit med å skaffe nok tømmer. Når båten så kom, sleit eg litt med å få den nokon plass, for eg var ikkje så god på segling. Men når navigasjon så var utvikla, reiste eg langt nord og dreiv handel med vikingane (Øystein). Samtidig hamna eg i konflikt med barbarar. Dette var eg heldigvis førebudd på, så eg hadde bygd opp ein liten hær. Men dette gjekk på bekostning av den politiske utviklinga mi, så leiaren min (Perikles) fekk ikkje gjort så mykje. Så når han døydde under ein pandemi (eller var det jordskjelv?), var det ikkje store saknet. Romerane (Rune) var fredelege; sjølv om barbarane rusta seg opp i vest, klarte leiaren deira å halde dei på avstand utan kamp. Samla var me også snille med kvarandre; det var ingen krig mellom oss spelarar, sjølv om romerane prøvde å påtvinge den romerske kulturen sin på den greske hovudstaden utan hell. Grekarane var også dei einaste som bygde eitt av dei sju underverka, men det hald ikkje til siger om å bli den mest suksessfulle kulturen. Den stakk romerane av med, utan å ha delteke i eit einaste slag. Og det er vel kvifor dette Civ-spelet er så bra; ein får ei viss retning alt etter kva kultur/leiarar ein har, men skal ikkje føle seg tvungen av dette. Samtidig vil nok mykje endre seg om ein går meir aktivt mot kvarandre; hadde t.d. Hellas angripe Roma, ville nok Roma rusta seg meir opp, som igjen kunne ha opna opp for vikingane, som kanskje hadde profitert mykje på utvida handel med begge. Bra spel!

    #3427
    Sten Ole
    Participant

    Eit flott civ-spel som treffer på det meste som det skal. Reglane er stort sett simple, men lette å misforstå. Å huske på alle free actions og alle bonusane dine er etter kvart ikkje det enklaste. Dette er også eit spel som tungt belønner å ha ein god plan frå tur og gir ikkje mykje rom for å justere om du har trødd heilt feil. Syntes kanskje kampsystemet ikkje heilt klarte å utnytte at det var ulike army units, men fungerer heilt greit. Topp kvalitet med spenning og drama undervegs.

    #3428
    Sten Ole
    Participant

    tur 1*

    #4514
    Sten Ole
    Participant

    Ny runde med Clash of Cultures 3 år seinare. Eg syntes at dette er omtrent så bra som ein kan lage eit civ-spel med litt dybde men uten at det blir alt for mange irrelevante system. Det har byutvikling, utforsking, teknologi, asymmetriske valg, kulturpåvirkning, krig og byttehandlar. Det “mangler” alliansar, spionasje og utvikling som går forbi den klassiske alderen, men eg føler at det er ein fordel meir enn ein ulempe.

    Om det er ein kritikk eg har så handler det litt om kor spisst spelet blir med båtteknologi i spel. Spelet er stort sett ganske rolig der du kan bygge deg opp og kose deg og farlege ting får du som regel god tid til å håndtere. Den tryggheten forsvinner når båt-terroristen har fått navigasjonsteknologien. Då er alle svake punkt 1 eller 2 actions unna. Spørsmålet eg stiller er om det gir meining å satse på at ein litt sterkare økonomi skal avverge skaden tilstrekkelig. Eller er det meininga at alle skal bli båt-terroristar?

    Ein anna utfordring med spelet er at du blir overvelda av informasjon. Huskar du å utnytte alle teknologiane dine? Hugsar du å utnytte actionkorta? Hugsar du legge ned objectivekort når du får ting til? Det er mykje ting å måtte ha kontroll på. Eg føler likevel at mykje av dette er noko du etter kvart klarer tilstrekkeleg bra. Heldigvis starter spelet med lite kompleksitet. Kompleksiteten kjem først mot slutten i spelet.

    Alt i alt er dette eit solid spel som eg synes kjem nært opp til visjonen om civilization på berre nokre få timar rundt eit bord med andre.

Viewing 4 posts - 1 through 4 (of 4 total)
  • You must be logged in to reply to this topic.